Været i Stavanger og området rundt har vore noko ustabilt den siste veka. Dette skulle me få merke på Gausel under toppkampen mellom Forus og Gausel 2 (FGI 2) og Suldal. Før denne kampen hadde heimelaget vunnet fire av sine fem kamper og kan fort bli ein av favorittene til opprykk denne sesongen. Suldal på si side hadde spelt sju kampar der fem hadde endt med siger og to uavgjort. Det var altså to lag i form som møttes denne torsdagen der boblejakke og regnbukse var å foretrekke.
Suldal kunne med siger her få ei sju poeng luke til FGI 2 og samtidig passere Vaulen 2 på toppen av tabellen. Ved tap ville avstanden være eitt poeng til kveldens motstandard og dei blåkvite hadde I tillegg to kampar mindre spelt.
Laget som starta i gult og svart var Jørgen i mål, Isak B Espe, Torjus og Rene i forsvar, Marius og Håvard på kvar sin vingback. Midtbanen bestod av Ingve, Sigurd og Jone, mens Mohamed og Øystein spelte på topp.
Trenar, Ørjan har terpa på ein ballbestittande fotball og dette har vore bra mot enkelte lag. Mot FGI 2 var planen i slå litt lengre for å få strekk I motstander sitt lag og skape rom. Denne taktikken og egentlig dei fleste taktikker skulle vise seg å bli vanskelig mot eit heimelag i fyr og flamme. Banens gigant, Jørgen fekk i alle fall mykje å henge fingrene i den første omgangen.
Me kunne tidleg sjå kvaliteten i heimelaget og dei trykka godt på frå start. Det hadde ikkje eingong gått fem minutt før dei skulle få uttelling for presset. Ein godt slått corner enda på bakerste stolpe. Der tapte suldalsspelaren duellen og ballen vart nikka kontant i mål. Etter dette så «mata» bare heimelaget på og Jørgen måtte i aksjon fleire gonger. Føter, hender, mage, brystkasse og kronjuvelene blei ofra i suldals tjeneste og saman med oppofrande forsvarsspelerar var me fortsatt med i kampen. Etter sytten minutt skulle likevel FGI 2 få sitt velfortjente mål. Nummer 11 på heimelaget hadde vore aktiv heile kampen og viste sin klasse då han førte ballen inn sentralt og banka til frå omlag atten meter. Ballen fauk i vinkelen og heimelaget leda 2-0. Dette var tydeligvis ikkje nok for dei blåkvite for dei fortsatte å kjøre på heilt til slutten av første omgang. Suldal hadde kun produsert eit liten sjanse så langt i kampen, men me har og spelerar som kan gjer mykje på eigen hand. Mohamed mottar ballen litt over midtstreken og byrjar å føre ball, forsvarsspelerane til FGI 2 prøver å henge på, men spissen riv seg laus i stor fart. Etterkvart får han lagt inn til Øystein. Han gjer ingen feil og redusering er faktum. 2-1 rett før pause og kamp igjen.
I pausen hadde Ørjan nokre formaninger og endra litt på plasseringa til spelerane, noko som skulle vise seg å være gode grep. I pausen fekk me og bevis på ustabilt vær då det starta å hagla kraftig. Me snakkar om sommerferie og bading, men får boblejakke og haglebyger.
Då dommeren bles igang kampen igjen var det eit mykje meir påskudd suldalslag som sparka ball i vinterværet på Gausel. Me var mykje meir med og byrja å vinne ball sjøl om me ikkje skapte dei store sjansane. Me var likevel best i denne delen av kampen, men det var heimelaget som skulle få auke si leiing litt mot spelets gong. Litt for enkelt får FGI 2 komme seg fri og i det 58 minutt står det 3-1. Suldal gav likevel ikkje opp og i det 70 minutt var reduseringa eit faktum. Isak Berakvam sender ei fin pasning opp til Mohamed som lekkert vender bort stopparen han har i ryggen og har dermed fri bane mot mål. Aleine med keeper gjer han ingen feil og set sikkert inn 3-2. Skal me klare å få poeng med oss heim i bagasjen? Suldal fortsatte å spele bra og kom seg til ein del halvsjansar, men ikkje meir enn at heimelaget hadde grei kontroll. I det 86 minutt skulle kampen avgjerast då FGI 2 kjem rundt på kanten og får slått inn. I enden av den pasningen er det ein blåkvit, som enkelt set inn 4-2. Dette kunne ein tru ville knekke moralen i suldalsgutane og at siste målet i kampen var scora. Øystein ville det likevel ikkje slik. I det 90 minutt får me eit frispark i god posisjon, men omlag 25 meter frå mål. Lysluggen ladar kanona og smell ballen i krysset via tverrliggaren og i nettet. Et heilt vanvittig mål av Øystein og igjen hadde me mulighet for å kapre poeng. Suldal pressa på for utlikning og kunne nok med maks flaks fått eit mål på overtid då me hadde fleire gode innlegg og nesten-sjansar. Det ville seg likevel ikkje og heimesigeren var eit faktum etter 96 spelte minutt.
Mykje bra frå Suldal i andre omgang, men den første omgangen var heimelaget best I alt. Sett under eitt var det fortjent at alle poenga vart igjen på Gausel, men me kunne fint ha nappa med oss eitt poeng mot slutten.
Neste og siste kamp før sommarpausen er borte mot Hjelmeland 20 juni kl 19.30
Mål: Øystein x 2, Mohamed
Laget: Jørgen, Isak, Torjus, Rene, Håvard, Marius, Ingve, Jone, Sigurd, Øystein, Mohammed
Benytta reserver: Isak Berakvam, Jan Philip Aarthun, Lars Lavalette