Det er veldig kjekt at mange vil vera med og sponsa drifta av Suldal idrettslag. Tusen takk til dei som har vore med i mange år, og tusen takk til dei som er komme til i det siste! Og me har plass til fleire!

Vil du vera med på sponsorlaget, sender du ein e-post til leiar@suldal-il.no.

Alle som sponsar drifta av Suldal IL har fått logoen sin på heimesida. Nokre av dei som har vore med ei stund og som me kjenner godt, har endra namn og logo dei siste åra. Dette skal nå vera oppdatert. Det gjeld:

  • Nor-log AS – tidlegare Suldal Transport
  • Autagro Møgedal – tidlegare Møgedal Mek
  • Mibau Stema Norge AS – tildegare Norsk Stein

Dei andre langvarige sponsorane våre er dei tre hovudsponsorane som me er glade for å ha med på laget:

  • Sparebanken Vest
  • Statkraft Energi AS
  • Haugaland Kraft

Andre sponsorar som me set stor pris på har vore med lenge:

  • BG Suldal
  • Ola Fiskjetjøn AS
  • Norgeshus KV Bygg Suldal AS
  • Coop Prix Suldalsosen
  • Joker Suldalsosen (Straabø Landhandel AS)
  • Effektivt renhold
  • Monter Suldal
  • Suldal Billag AS
  • Forcit Group

Sponsorar som har komme til dei siste to-tre åra er:

  • Felleskjøpet – landbruksleverandøren i grønt og gult, nesten like kult som svart og gult! Magnus er vår mann her, han og familien har lagt ned mange mil i skiløypene og langs vegane i bygda dei siste ti åra.
  • Kulp AS – Bistro & Catering som held til på Garaneset på Sand. Her kan du både bestilla mat til alle høve, og eta godt i lokala deira. Terje er ein god medspelar til Suldal IL og har servert ein del pizza til fotball-laga.
  • TS Stangeland – Stangeland maskin. Ein av dei leiande entrepenørane i Rogaland. Tidlegare venstreving Bjørn MS var den som fekk inn desse på sin tidlegare heimebane.
  • Statnett – har kontroll på elektrisitetsnettet, og med Øystein på midtbanen og Per Åge bak snøfresaren bidreg bedrifta til at fotballen rullar i Prestavikjo.
  • Hagen Maler og gulvservice – har malt mang ei stove i bygda etter at dei kom flyttande til Suldal for nokre år sidan. Med sonen på aldersbestemte fotball-lag dei siste åra, har Sigita og Tore hatt nokre timar på sidelinja i Vikjo.
  • Energihotellet – designhotellet i enden av Suldalsvatnet. Gunhild og Olav ønskjer å bidra til at Suldal er ein god stad å bu, noko dei gjer ved å støtta treningsdressane til skigruppa.
  • Suldal Service AS – hjelper til med det meste! Av dei åtte medeigarane er det nok Odd Åsgeir som har flest fotballkampar i beina, ja ein av dei med flest kampar for Suldal av alle.
  • Bunnpris AS – nærbutikk på Sand. Det var sjølvsagt at desse skulle sponsa då dagleg leiar Jonas tok plass i målet til a-laget.
  • Grieg Seafood – sjøbøndene som held til både i Erfjord og i Hylsfjorden. Grieg med Terje som vår kontaktperson har vore engasjert i Suldalsgutane- og jentene som hovudsponsor i mange år. Med Lars Erik som like engasjert trenar er det sjølvsagt at dei og sponsar Suldal IL.

Det er nokre som sponsar Suldalsgutane- og jentene som ikkje er nemnd over, og ikkje har logoen sin på Suldal IL si heimesida. Grunnen til dette er at Suldalsgutane- og jentene ikkje er berre Suldal IL, men eit samarbeid mellom alle idrettslaga i kommunen. Støtta til Suldalsgutane- og jentene går kun til desse samarbeidslaga, ikkje til drifta av Suldal IL. Men me kan gjerne nemna dei som gjennom fleire år har vore sponsorane til Suldalsgutane- og jentene når me først er i gong:

  • Grieg Seafood
  • Sparebanken Vest
  • Haugaland Kraft
  • Nor-log AS
  • Norgeshus KV Bygg Suldal AS
  • Statkraft Energi AS
  • Mibau Stema Norge AS
  • Joker Suldalsosen (Straabø Landhandel AS)
  • Hydro Energi AS
  • Suldal Økonomi og Rådgiving.
  • Suldal Vekst