Suldal stilte med to G12-lag og eitt J12-lag på Etne Cup. Foto: Dagfinn Havrevoll

«Kjempeball». «Den er din». «Knallbra». «Kom igjen nå, Suldal». Heiaropa gjallar framleis i øyrene mine søndag kveld etter å ha tilbrakt helga på Etne Cup.

Skrive av Siri Handeland

Fredag ettermiddag går trafikken inn til Etne sentrum uvanleg sakte. Kø? Det hadde ingen tenkt på, heller ikkje eg som er utflytta etnebu. «Me blir ti minuttar for seine, men rekk kampen». Meldingane tikkar inn på mobilen min. Suldølen er kjent for å vera ute i god tid, men når køen er fleire kilometer lang, blir tidsskjemaet sprengt sjølv for ein suldøl. På plass i Etne kjem delegasjonen på 20 gutar og åtte jenter frå Suldal og Nesflaten seg fort i dei gule draktane. Fredag kveld og Etne Cup er i gong med rundt 2000 deltakarar.

Flørting

To G12-lag og eitt J12-lag representerer Suldal IL på cupen. Også fem spelarar frå Nesflaten IL er med. Først ut i elden er Suldal 1 som raskt viser gode takter, og har taket på motstandarlaget frå Kvinnherad. Jentene fekk plass på Etne Cup berre fire dagar før og har ikkje akkurat hatt lang oppkjøringstid. Dei møter eit sterkt Selbjørn-lag, og får ikkje gjort så mykje med austevollingane. Også Suldal 2 får kjenna at motstandarane frå Tau har kome for å bita frå seg på grasmatta.

Sure fotballsokkar og sveitte, gule trøyer blir bytt ut med kvite joggesko og hettegenser når klokka nærmar seg ni. Cup er ikkje berre fotball, her skal det sosialiserast og kanskje også flørtast litt.
-Me skal på disco og finna oss damer, kjem nokre gutar ropande. Andre held seg til fotballen og benkar seg for å sjå opningskampen i EM mellom Tyskland og Skottland.

Lårhøner

Laurdag morgon er det ingen kjære mor. Første kamp går kl.8.40 for to av laga og det bøttar ned frå oven. Draktar og fotballsko blir klissvåte, men her er det berre til å stålsetja seg. Nokre må på handel og sikra seg tepper, luftmadrassene knirka så det gjekk på nattesøvnen laus og trikset med teppe under sprer seg i leiren.

Sola kikkar etter kvart fram, og utover dagen kjem stadig fleire suldølar og nesbuar til Etne. Foreldre, besteforeldre, søsken, søskenbarn, tanter og onklar stiller opp for å heia. Laurdag ettermiddag er det tett kampprogram for dei tre suldalslaga, og det er tøffe taklingar ute på banen. -Skyyyyt, ropar heiagjengen på sidelinja, og ballen går i mål for Suldal. Jubelropa rungar. Beina byrjar etterkvart å få det smertefullt for dei som er ute på grasmatta og nokre får meir juling enn andre. Gnagsår, vannblemmer og lårhøner får venta, her er det berre til å bita tennene saman og stå løpet ut.

Lågt blodsukker

-No må eg få i meg nøkke mat, det gløymte eg, kjem det smilande frå lagleiar Tom Gardsteig utpå ettermiddagen. Han er ikkje åleine, dei tomme blikka til stadig fleire foreldre vitnar om lågt blodsukker, meg sjølv inkludert. Hos småsøskena er det derimot motsatt, kiosken har eit imponerande utval godteri og desto meir klissete og fargerikt, desto betre. Ungane verkar som at dei er på stadig oppadgåande sukkerkick og deler villig vekk seg i mellom. Etnebuen veit kva som lokkar, og serverer det som må vera tidenes største lappar.

Etter endt kampprogram er det fram med geléen og påfyll av glittersminke.  Taco står på menyen, og arrangøren viser nok ein gong at dei veit kva dei held på med og får tacoen servert på rekordtid. Discoteket blir igjen utforska og nye bekjentskaper stifta.

Trøystande ord

Søndag morgon kjem foreldra halsande med kaffikoppen i handa for å rekka kamp kl. 8.40 for begge gutelaga. Og om suldølen entrar banen stillferdig, gjer laget frå fastlands-Karmøy definitivt ikkje det. Nord-songen rungar, og «Guten Morgen, sunshine» ljomar ut frå den medbrakte høgtalaren. Suldal 2 er kanskje ikkje heilt vakne i 1.omgang, men gutane kviknar til etter pausen. Dei går opp i leiinga 2-1 og me trur det skal gå vegen, men Nord blir til slutt for sterke.  Skuffelsen er stor, og mødre og fedre må til med trøystande klemmar og ord. Suldal 1 må også svelga eit tap på morgonkvisten, men ristar det av seg og finn gleda i samholdet.

God heiagjeng

Cupens siste sjanse er jentene.  Dei er passe trøtte i trynet, men då fløyta går er det gløymt. Me får me sjå eit svært tent suldalslag. Det er også foreldra på sidelinja, og den stillferdige suldølen er plutseleg dei som ropar høgast og lagar mest liv. «Jobba på». «Den er din» «Nydeleg»,  kjem det frå sidelinja.  

-Ikkje gi dåkken nå, dåkken jobbe så godt, ropar trenar Iren Klungtveit Slagstad oppmuntrande. Lagleiar Tom Gardsteig dirigerer også. På andre sida står foreldra og ropar det dei er gode for, gutane har også kome for å heia på jentene. Suldal får straffe mot seg og Ferkingstad tar leiinga 1-0, men Suldal jobbar på og utliknar til 1-1. Igjen går Ferkingstad opp i leiinga 2-1 og den suldølske heiagjengen oppmuntrar det dei kan. Jentene har spelt seg betre og betre utover i cupen, og viser karmøybuen at dei ikkje har tenkt å gi seg. Til slutt får dei uttelling og plasserer ballen i mål. 2-2. Det kokar på sidelinja og heiagjengen klapper fram spelarane medan trenar Iren må tørka nokre gledestårer over den iherdige innsatsen til  jentene.

Søndag ettermiddag er det uvanleg stille i baksetet i bilen. Stemmebånda har fått kjørt seg i løpet av helga. Veslesøster er svært nøgd med å vera blå i heile fjeset etter å ha boltra seg i godtekiosken og fotballgutane er trøtte og slitne. Den eine meiner han aldri har sove så dårleg i heile sitt liv. Likevel er det smil, samhold og lykkekjensle som pregar stemninga.