Då er det sommarferie for 7 er laget og me avslutter vårsesongen som nummer 2 på tabellen. Kampane har vore ganske like der me har starta litt tregt og fått ein del avslutninger i mot, men vunnet greit med god innspurt. Me kan likevel sei at me har gjort ein god figur med fire seierar og eitt tap. Tapet kom mot tabelltopp, Vidar 3 i siste kamp.
Målet med 7 er laget var å gi A lagsspelerar i Stavanger eit godt tilbud om trening, det var å gi eit tilbud til spelerar som bur i Stavanger, men har gitt seg med 11 er fotball, og det var eit håp om å få rekruttert spelerar til Suldal. Målet må ein vel seie at ein har lukkast med på alle måtar. Ein ser god utvikling hjå A lagsspelerane, suldøler som liker å sparke ball har fått fri utfoldelse og me har fått tre nye spelerar frå Sauda i Lars Thomas, Jan Phillip og Harry.
Målet vårt for haustsesongem må vera å videreføre resultata frå vårsesongen, men me vil også jakte tabelltoppen til Vidar 3. Det er også blitt litt blest om laget vårt i det siste, noko som fort kan føre til fleire signeringer.
Haustsesongen vil den 12 august starte med ein hengekamp frå vårsesongen. Madla 6 står då for tur og allerede nå ser me fram til denne kampen, men først litt velfortjent fotballferie.