Prestavikjo frå lufta juni 2024. Foto Tom Gardsteig.

Straks går BG Suldal og Ola Fisketjøn i gang med meir grunnarbeid i Prestavikjo, og JK Elektro vil strekka kablar og montera lysmaster. Hausten blir prega av grøftegraving og opparbeiding av rulleskiløype, offisielt kalla asfaltert turveg.

  • Ver gilde å ta omsyn til graving og maskiner.
  • Hugs å gi barn og ungdom beskjed om å kikka seg godt rundt. Alt av utsyr, maskiner og gjerde må få stå i fred!

Pompeløypo og 3’ar-banar er tatt i bruk og må seiast å vera ein suksess. Desse er bortimot ferdige, men begge anlegga skal få lys slik at brukstida blir lenger utover kveldane vår og haust. Me skal også pynta meir rundt begge anlegg. Tribunen er også tatt i bruk. Her skal det sjølvsagt bli mykje betre tilgang nedanfrå, mest sannsynleg med ei trapp, og så skal det komma asfalt både ned og oppe. Då skal ein lett kunna gå mellom fotballbane, gjennom tribune og opp til toalett, foaje og med tida ein kiosk. Rundt tribunen vil det bli sådd slik at ein skal sleppa og sjå på brun mold. Nedst i innlegget ser de ein flott dronevideo av korleis området ser ut nå.

Det som er planen i haust:

  • Del 1 av asfaltert turveg, i praksis treningsløype til rulleski og universal tilgang til alle anlegg.
    • Rulleskiløypa skal gå langs langsidene av fotballbanen og opp på gang- og sykkelsti i nord og Lågastien i sør. Det vil derfor bli laga rampar opp på gang- og sykkelsti og Lågasti. Dette blir første trinn i rulleskiløypa.
      • Neste trinn er å asfaltera Lågastien frå reinseanlegget i vest, forbi Statkraft, idrettsanlegget, barnehage og skule, inn på vegen til eigendommane rett aust for uteområdet til skule, og inn på gang- og sykkelstien ved Vinjarheim. Dette vil nok venta til tidlegast neste vår.
  • Høgare voll framfor tribune slik at rulleskiløparane får større utfordringar i trygge rammer.
  • Utskifting av lysmaster og lysarmatur på kunstgrasbanen, og montering av lyspunkt på alle anlegg som alt er på plass, og som vil komma.
  • Kor mykje som blir asfaltert i haust kjem an på om me når det før frosten kjem, og om ein har dei naudsynte midlane tilgjengeleg. Ein del midlar er låste opp så lenge eit anlegg ikkje er heilt ferdig. Ein må derfor gjera seg ferdig med anlegg før ein tek fatt på nye.

Dersom dette kjem i boks, vil me når frosten kjem ha heilt ferdig pompeløypo, 3ar-banar, tribune, lysanlegg og del 1 av den asfalterte turvegen som altså kan brukast til rulleskitrening og universell framkomst.

Det gjenstår framleis mange punkt på lista vår, så også neste år vil det skje mykje i Prestavikjo. Steg for steg vil dette bli veldig bra til slutt!

Om nokon har spørsmål, tek de kontakt med Jon.

Slik ser det ut i Prestavikjo nå: Oversiktsvideo laga av Tom Gardsteig.