Til kampen mot botnlaget, Kvitsøy hadde me mange forfall grunna skader, bryllup, konfirmasjon og andre ting. Det vart likevel stabla eit bra lag på beina og det var ein gjeng med godt humør som tok ferja frå Mekjarvik til Kvitsøy.
Me hadde liten tid i garderoben, men assistent Tom fekk formidla budskapet frå trenarteamet på ein god måte. Det vart også presisert at god moral kunne vippe denne kampen vår vei. Laget som entra banen var Jørgen i mål med forsvarstrioen Torjus (K), Lars Thomas og Knut framføre seg. Midtbanen bestod av David, Rene og Håvard med brødrene Kristian og Marius på vingbackene. På topp låg Mohamed og Jostein. Tor Olav og Rasmus var gode støttespelerar på benken. Det skal nevnes at Rasmus får ei stjerne i boka då han reiste frå Kvitsøy uten ei einaste sur mine sjøl om han ilkje fekk speletid. Flott jobba og takk for at du stille opp Rasmus.
Ved myntkastet valgte Kvitsøy klokt og tok medvind, dette skulle vise seg å var eit godt valg. Kampen var kun to minutt då forsvarsspelaren til heimelaget klarerer ballen langt opp. Vinden tar tak i ballen som fyk over ein Jørgen som står litt ute frå streken. Uheldig der, men det var ikkje eit mål som stressa oss då me veit at me er eit betre lag enn Kvitsøy. Heimelaget var likevel det laget som skulle få neste målet litt mot spelets gong. På eit hjørnespark kjem ballen hardt inn på første stolpe. Uheldigvis for Rene treff lærkula foten til veteranen og ballen trillar i mål. Etter dette tar Suldal endå meir tak i kampen og reduseringa ligg i lufta. Like før pause tester formspelar, Mohamed skotfoten. Ballen fyk inn i nettet bak heimelaget sin målmann og me var kun eit mål bak når dommeren bles til pause.
I pausen vart det snakka om at me måtte utnytte været i andre omgang og at me fint kunne snu denne kampen.
Etter den korte kvilen bles dommar i gong kampen igjen og Suldal tok godt tak i kampen. Eit Kvitsøy som heile kampen hadde brukt alle ulovlige midler fortsatte med dette også i andre omgang. Dette stykker opp spelet enormt, men suldølen jobba godt og fekk fleire dødballar. Ti minutt etter kvilen skulle me få utligninga vår. Ved hjelp av ein god dødballfot frå Håvard og litt vind går hjørnesparket rett inn på bakerste stolpe og me er for alvor i rute mot tre poeng. Me jobba på og samtlige spelerar gjorde ein god kamp med flotte involveringer. Kampen er sekstini minutt gammal når me endelig får gehør frå dommar då han bles straffe. Etter fleire situasjoner der me skulle hatt straffe fekk me det endelig då motspelar velge å slå ballen ut med handa. Fortjent straffe seier lagleder til heimelaget, som var enig med oss om at me skulle hatt fleire av denne typen i løpet av kampen. Frå elleve meter er Mohamed sikker og set ballen i mål. Dette skulle også vise seg å vera målet som avgjorde kampen.
På slutten av kampen fekk Marius sitt andre gule kort. Dommar viste han ikkje ut og ingen sa noko før vår kaptein Torjus sa frå til kampleiaren som gav eldstebror Sigstad det raude. Kvitsøy var etter dette svært ufine i både munn og fysisk, men det roa seg etterkvart og Suldal kunne reise frå både sure motspelerar og surt vær med tre poeng.
Fullt fortjent seier og tre nye poeng. Neste kamp blir mot nok eit øy-lag då Finnøy kjem til Osen for å spele kamp. Denne kampen blir spela laurdag 31 august klokka 15.00. Møt opp!
Ps: underteikna vart veldig engasjert i løpet av kampen og glømte å ta bilder. Dykk får forespegla dykk mykje vind, surt, gule mot kvite og smilende suldøler når dommar bles av kampen