Det er ein del år sidan Finnøy sist var på besøk i Prestavikjo. Dei har hatt fleire sesongar i 5. divisjon, men nå var det altså tid for tur til Suldal. Det gjorde dei på skikkeleg vis, samla ein mannsterk tropp og tok inn på hotell på Sand!
Etter første omgang såg det ut til at det ikkje skulle bli så mykje å feira på hotellet for gjestene, det var nemleg Suldal som leia 2-0 til pause. Mohammed Ibrahim Dawud var effektiv, rask og dyktig på to kontringar og var sikker åleine med keeper to gonger det første kvarteret. Første gong kom langpasningen i bakrom frå Ingve Berge, mens den andre servitøren var Håvard Fatnes. To nesten identiske mål var forskjellen etter den første omgangen. Bortsett frå desse måla, hadde begge lag periodar der det var dei som eigde spelet. Suldal var nok best i starten, men Finnøy kom meir og meir med i kampen. Fem minutt før pause redda Atle Mehus ei avslutning etter korner på streken. Dessverre måtte kaptein Torjus Steine av banen midtvegs i første omgang då han blokkerte ein susar med øyret. Dette var såpass hard smell at han var ute resten av kampen. Med kapteinen og forsvarssjefen ute, fekk Finnøy meir grep om spelet.
Planen til Suldal er heile tida at ein skal spela ballen gjennom midtbanen og få til fleire trekk. I denne kampen fekk ikkje heimelaget dette til så godt som ønska. Dette var nok fordi bortelaget var gode til å bryta på midten og vera raskt oppi ballførar. Dermed blei det meir ein kamp med innsats og slit enn pasningar og finspel. Det var nok kampen sett under eitt rettvist at Finnøy fekk med seg eitt poeng. Det gjorde dei ved først å skåra eit supermål. Suldal blokkerte eit skot/pasning om lag på 20 meter. Returen for høgt til vers og dalte ned på foten til ein Finnøyspelar. Han klinka til med årets treff slik at ballen suste i nettet oppe i hjørnet frå over 20 meter. Ei skikkeleg perle! Utlikninga fekk Finnøy då dei braut pasningsspelet vårt på midten og kontra ballen i mål.
Kjipt at Finnøy tok igjen tomålsleiinga, men det var nok rettferdig. Begge lag kunne vunne, så poengdeling får vera greitt. Så blei det sikkert kjekt på hotellet likevel. Det blei forresten uavgjort også i første møtet i vår. Alle jobba godt gjennom heile kampen, men me må vel seia at det var to som utmerka seg litt ekstra i kvar ende av banen. Bak stod Jørgen Mikkelsen svært godt, og avverga fleire sjansar. Han framstår nå som ein trygg og sikker sisteskanse. I andre enden var Mohammed sjølvsagt viktig med to mål, men han skapte også fleire andre sjansar for andre, spesielt etter innlegg.
Fakta:
6 min: 1-0: Mohammed Ibrahim Dawud, målgj. Ingve Berge
12 min: 2-0: Mohammed Ibrahim Dawus, målgj. Håvard Fatnes
50 min: 2-1: Finnøy
61 min: 2-2: Finnøy
Gult kort: Øystein Nærheim
Lag: Jørgen Andre Mikkelsen – Ingve Berge, Torjus Steine, Johannes Wigestrand – Håvard Fatnes, Rene Adjemi, Atle Espevik Mehus, Øystein Nærheim, Jostein Marvik Hølland – Håvard Erfjord, Mohammed Ibrahim Dawud.
Innbyttarar: Kristian Sigstad, Tor Olav Aarhus