Første helga i september er det blitt tradisjon å varma opp til vår eigen Suldalscup gjennom ein laurdag med cup i Røldal. Der er det alltid strålande sol, og ein veldig kjekk cup for oss å delta på. Slik blei det i år også.
I år stilte Suldal IL med 60 spelarar fordelt på 12 lag mellom 1.-7. klasse. Dette er cupen der 1. klassingane våre får sin debut i suldalsdrakten, med kjekke og involverande 3’ar-kampar i bingen på idrettsplassen i Røldal. Like ved ligg den større kunstgrasbane der det er tre stk 5’ar-banar. Her kjempar reine jente- og gutelag om ballen frå klokka ni om morgonen til klokka fem om ettermiddagen. I fleire årstrinn har me også så mange spelarar at dei får spela saman med dei ein til vanleg går i klasse med. Det gjer ein ikkje til vanleg i Suldalsserien, så det er ekstra kjekt! Den første timen er det hustre før sola kryp over den 1287 meter høge Fjetlandsnuten, men utover dagen varmar sola godt.
Alle suldalslaga gjorde gode prestasjonar. Dei aller fleste kampane på 5’ar-banen var svært jamne. Fleire uavgjorte kampar og elles mange eitt-målssigrar- eller tap. Dette er barnefotball, så resultat blir verken skrive ned eller nemnd, men der og då kjempar sjølvsagt alle om å få fleire mål enn motstandaren. Suksess måler me likevel i at kampane er jamne og begge lag opplever meistring. Enkelte kampar kan enda med litt mange mål til det eine laget. Då er det lagleiarane si oppgåve å gjera grep slik at kampbildet kan utjamna seg. Til dømes bytta spelarar i angrep, mål og forsvar, og gi beskjed til målskårarane at dei skal telja målgivande vel så mykje som eigne mål. Slik får alle spelarane nye mål å utvikla seg på.
Med fleire lag enn me vanlegvis har i Suldalsserien, må me ha fleire lagleiarar. Stor takk til føresette som stiller opp og tek ansvar for kampavvikling, sjølvsagt saman med dei som til vanleg er lagleiarar for laga våre. Kjekt med mange foreldre og besteforeldre, det blir mykje god drøs langs sidelinjene.
Det er stort sett dei same klubbane me møter, men kjekt at me ser fleire kjende frå Suldal; både IL Sand og Nesflaten stilte med lag i år. Elles er det arrangørklubben Røldal IL, samt Odda IL, Solnut IL (held til på tettstaden Nå som er på vestsida av Sørfjorden), Sauda IL og Harding IL (samanslåing av fleire idrettslag på austsida av Sørfjorden) som er motstandarar.
Kommande laurdag er det Suldalscup i Prestavikjo. Kampane startar kl 09.00, så det er berre til å stilla vekkarklokka og møta opp!
Her er lagbilda frå i år: