Haustsesongen er godt i gong og me nærmer oss midten av september. Hausten står for tur med vind, regn og kaldere vær. Slik var det også denne tirsdagkvelden når nummer to og tre på tabellen skulle kjempe om poeng.

Kveldens motstander Vaulen 2 har ofte vore ein nøtt å knekke, spesielt på kunstgraset på Mariero, Stavanger. Historisk har Vaulen hatt nokre utfordringer med turen til Suldal, men heime har dei alltid hatt mange å velge mellom. Slik var det også til denne kampen der dei hadde nitten navn på dommarkortet. Tabellmessig låg Vaulen 2 som nevnt som nummer tre, kun tre poeng bak Suldal, men med betre målforskjell, så tre poeng her ville var viktig for både heime og bortelaget.

Til denne kampen kunne Suldal stille eit bra mannskap, sjøl om nokre av dei sentrale også denne gong måtte stå over. Likevel var det ein god gjeng i gult og svart som var klar til dyst på Kabal-banen. I mål stilte som vanlig Jørgen og framfor han stilte kaptein Torjus, Ingve og Lars Thomas. Vingbackane vart bekledd av Håvard og Marius, medan Jone, Jan Phillip og Rene tok plass sentralt på midtbanen. På topp starta Øystein og divisjonens toppscorer Mohamed. Jostein, Tore, Lars og Isak Berakvam starta på benken.

Presis klokka 19.00 bles dommar Christer Ludviksen frå Sandved i gong kampen og Vaulen 2 gjekk rett i strupen på eit litt vaklende bortelag. Det var tydelig at heimelaget skulle gå hardt ut og stresse Suldal. Etter tre minutt gav dette løn for strevet.

3 min: Elendig start for Suldal når Vaulen får løsna skudd frå drøye seksten meter. Ballen snike seg nede ved venstre stolpe for Jørgen og i nettet. 1-0

Nå var Suldal litt bakpå og ein feil i dei bakre rekker gir Vaulen 2 ein kjempesjanse

11 min: Aiaiai der e me heldige. Vaulen bryte ein skummel tversoverpasning i dei bakre rekker. Avslutningen er heldigvis like svak som tversoverpasningen og går til side for mål

Etter dette roa det seg og Suldal kom meir med i kampen. Etterkvart kom også bortelaget til nokre greie sjansar ved både Øystein og Mohamed. Likevel kunne me sjå at noko var på gang og ikkje lenge etter så smalt det frå Mohamed.

25 min: Divisjonens beste målgjerar er på jobb. Mohamed utnytter feil bakerst hos heimelaget og fyre av. BANG I NETTET!! 1-1

Etter dette roa kampen seg litt og ingen store sjansar var å melde. Då dommar bles til pause var det greit at det stod 1-1 på resultattavla

I pausen gjorde Ørjan eit bytte då han tok vår eldstemann, Rene ut og bytta med vår nest eldste, Tore. Søraas har vore skada i fleire månader, men har spelt ein kamp for 7 er laget før dette innhoppet.

19.59 stod det på klokka mi når dommar igjen bles signalet sitt og andre omgang var underveis. Det vart som det ofte er litt fram og tilbake dei første minutta, men det skulle snart rasle i nettet bak Valen-keeperen. Omgangen er kun fire minutt gammal når Mohamed på nytt er på farten.

49 min: Kva skjer?! Vaulen stopper heilt opp og rope på offside når Mohamed kjem gjennom. Dommar helde fløyta frå munnen og Mohamed er heilt aleine med heimelaget sin målmann. Han gjer ingen feil og banker ballen i mål..1-2

Fleire kan nok meine at vår eminente spiss var i offside, men på dette nivået, uten linjemenn oppstår slike situasjoner ofte. Likevel er me nå oppe i ledelse mot eit frustrert heimelag. Frustrasjonen mot dommar var det guttane frå Suldal som skulle merke. Fleire etterslengar og fellingar vart toppa av ei grisetackling frå stopparen deiras. Utrulig nok var vaulenbenken uenig. Hadde Tore hatt foten sitt nede i graset der, hadde ankelen røket tvert. Suldal verka likevel ut til å ha grei kontroll på kampen, men då Jone måtte ut og det vart rokkering på laget tok Vaulen litt over. I denne perioden var heimelaget det beste laget og skulle etterkvart få utligning.

74 min: Vaulen har vore skumle og får til slutt uttelling. Eit litt «skittent» mål, men dei telle og..2-2

Rett før dette hadde Mohamed nok ein gong vore aleine med målmann, men denne gongen vant sisteskansen duellen. Ørjan fekk etterkvart stokka litt om på laget og Vaulen sitt press vart overteke av eit godt bortelag. Overtaket skulle vise seg å bli så stort at heimelaget til slutt slo sprekker. Først kjem Mohamed til ein stor sjanse.

80 min: Gigasjanse til Mohamed. Tore slår strålende ut til Marius, som slår inn til Isak Berakvam. Han slår igjen videre til Mohamed som ikkje får til avslutningen..nær hattrick der

Før Mohamed vise fram skuddbeinet sitt fra distanse på mesterlig vis minuttet etter

81 min: Her kan me bruke alle superlativer tilgjengelig. Frå 18 meter banke Mohamed til. Ballen fyk i krysstolpen og inn..heilt fantastisk mål..2-3

Dette fantastiske målet gav den unge sandsbuen hans fjortende mål og i følge statistikken hans femtiende mål på nittini kamper for Suldal. Strålende jobba.

Vaulen 2 hadde likevel ikkje gitt opp og då klokka nærma seg nitti minutt fekk dei seg eit frispark i god posisjon.

88 min: Vaulen får frispark i god posisjon. Frisparket er godt, men Jørgen er som ein katt nede og redder

Spikeren i vaulenkista viste det seg at det var Isak Berakvam som skulle få ære av å sette.

90 min: Isak auke ledelsen..Ingve er god når han vinne ballen på midtbanen, han slår ut til Øystein som legg flatt inn til Isak. Nesbuen er sikker og breiside ballen i nettet..2-4

Herleg og endelig kunne ein sikkert sei at det var tre sterke poeng med heim til Suldal. Fem minutt på overtid bles dommaren av og kampen var historie. Ein spennende og underholdende kamp i 6 divisjon. Gult mot orange, haustens farger var ramma inn med flotte mål, gode prestasjoner og mange smil frå guttane i gult og svart.

Neste kamp er laurdag 21 september i Prestavikjo. Kampen starte klokka 13.00

Nokre bilete frå kampen: