Årets Suldalscup blei arrangert i Prestavikjo laurdag 14. august. Ikkje like strålande vêr som sist helg i Røldal, men med tanke på regnet som har vore siste veka så må me seia oss nøgd med litt solgløtt og elles opphald. Om lag 240 spelarar kjempa om ballen i år.
Spelarane er fordelt på 35 lag, og nesten alle idrettslaga er representert. I år fekk me ikkje sjå Jelsa IL sine kvite drakter, sjølv om dei har eit lag med i serien. I cuphelga mangla dei nok nokre spelarar, slik at dei slo seg saman med Erfjord. Haugil IL stilte i blått, Nesflaten i svart, Erfjord IL i grønt, IL Sand i raudt, og Suldal IL i gult og svart. Kjekt med god fargesamansetning.
I miniknott var det åtte lag med. Her stilte me i Suldal med tre lag. Alle laga fekk spela fem kampar, men alle fekk ikkje møta alle. Det hadde blitt mykje med sju kampar kvar. I knott var det sju lag med. Der gjekk me for full serie der alle laga møtte kvarandre. I miniknott og knott spelar me 5’ar-fotball, og resultata er ikkje teljande.
I lilleputt var det med 10 lag. Dette er perfekt til å laga cup av. Då blir laga delt inn i to puljer med fem lag i kvar, slik at dei får fire kampar. Her går dei to beste laga til semifinale, mens dei tre andre laga i pulja blir trekt til ein bonuskamp mot dei tre laga i den andre pulja som ikkje gjekk til semifinale. Ingen plasseringsspel for desse laga. Dei to beste laga i kvar pulje kjenner nok meir på nervene når semifinalane skal spelast. I den eine semifinalen Spelste Erfjord 1 mot Suldal 3. Dette blei ein spennande kamp som enda med 3-1 til Suldalslaget. I den andre semifinalen møtte Erfjord 2 laget til Sand 2. Dette var like spennande, og enda med 2-1 til Sand. Dermed blei det erfjordoppgjer i bronsefinalen, der Erfjord 2 trakk det lengste strådet. Finalen skulle visa seg å bli uhyre jamn, så jamn at det stod 1-1 etter full speletid. Då blei det fem minutt ekstraomgang der ingen fekk mål. Dermed blei det rett og slett straffespark som skulle avgjera kven som var best. Og for å seia det først: Når det går så langt som til straffespark, så er laga like gode. I ein straffesparkkonkurranse er det til slutt tilfeldigheiter som avgjer. Derfor kan nok denne måten å avgjera ein fotballkamp for ungar vera nokså tøff. All ære til dei som tek straffar! Suldal og Sand var lenge like gode her også, men til slutt er det eitt lag som står igjen med den største pokalen, og det vart Sand 2. Gratulerer!
I ungdomsskulen er det noko mindre deltaking. Som i vårsesongen var det to lag frå Erfjord, to lag frå Suldal og eitt frå Sand. Laga spelte først seriespel. Dei som kom på 3. og 4. plass møttest ein gong til for å avgjera 3. plassen i bronsefinale. Dette blei eit oppgjer mellom dei to laga frå Suldal. Nok ein gong ein jamn kamp, der Suldal 2 fekk det einaste målet. I finalen var det Sand og Erfjord 1 som skulle avgjera kven som var best. Det skulle visa seg å vera laget frå Sand, som med 2-0 kan kalla seg Suldalscupmeister for ungdomsskule 2024. Gratulerer!
Mest må me gratulera alle spelarane i alle aldrar som sprang og sparka i timasvis. Det var mange av laga som kunne visa fram godt samspel. Me må også gratulera alle trenarane og lagleiarane som brukar mange timar på å rettleia og trena spelarane til å få til godt samspel.
Noko av det kjekkaste med Suldalscupen er at alle spelarar, trenarar, føresette, besteforeldre og anna slekt som kvar torsdag køyrer kommunen rundt på seriekampar, endeleg får treffast alle saman på ein plass. Her blir det mykje drøs på tverrs av grender, både blandt ungar og eldre. Derfor er Suldalscupen viktig for meir enn det som skjer på fotballbanen.
I år var det altså Suldal IL som arrangerte Suldalsserien- og cupen. Me må derfor nytta høvet til å takka alle som hjalp til med arrangementet. I tillegg til trenarar og lagleiarar, har medlemmene i fotballgruppa jobba med den sportslege delen av arrangementet. Økonomigruppa har hatt 17 frivillige med seg for å syta for at alle blir mette på pølser, lappar, kaker, sjokolade og is, og får i seg brus og kaffi. Kiosk er viktig på cup! EIn annan viktig ting er dommarar. Utan mange dommarar, kan ein ikkje arrangera cup. Me er heldige å ha mange ungdommar som stiller opp. Og når ungdommane sjølv skal spela kampar og ikkje kan dømma, stiller godt erfarne vaksne opp og tek sin tørn. Tusen takk til dei 19 dommarane som bles i fløyta. Utan dommar, ingen cup!
Alle sponsorane me har med oss skal ha takk, de ser dei på reklameskilta rundt fotballbanen. Ekstra takk til hovudsponsorar Sparebanken Vest, Statkraft og Haugaland Kraft. Ein ekstra takk også til NorLog som kvar gong det er behov for det stiller med lastebil slik at sekreteriatet sit lunt og tørt.
Kven som tek over stafettpinnen til neste år er kanskje ikkje 100% avklart, men det er nokre år til neste gong Suldalscupen går føre seg i Prestavikjo.
Under kjem lagbilde av Suldal IL sine lag i årets cup. Desse bilda er tekne av lagleiarane. Me hadde også eigen fotograf på jobb, så om ikkje lenge kan me legga ut ein kavalkade med situasjonsbilder frå kampane.
Over: Sølvvinnarar i lilleputtklassen!
Over: Bronsevinnarar i ungdomsskuleklassen.