Prestegardsskogen kunstgras laurdag 17. oktober
Etter ein pause på over tri veker var det igjen klart for kamp for G15 laget.
Denne gongen til Stord for å møta Trott.
Det var 12 spelarar som kunne vera med denne gongen. Me reiste avgarde i eit nydeleg haustver. Me kom fram til Stord over 1 time før kampstart, så me hadde god tid til førebuingar.
I tillegg gjekk det ein juniorkamp på banen, som var forseinka. Eit kvarter etter opprinneleg kampstart kom me endeleg i gong.
Me visste at dette ville bli ein knalltøff kamp og vinna, for Trott hadde ikkje tapt i haust.
Etter ein jamn opning, kom me etter ca. 5 min. til eit innlegg som Fredrik fekk over målstreken. Ei glimrande opning for oss, og 1-0 leiing. Etter scoringa veksla spelet med sjansar til begge lag. Me fekk eit par frispark i farleg posisjon, men Øystein greidde ikkje å få fulltreff denne dagen, så dei enda anten på keeper eller utføre. I andre enden hadde Ingve eit par viktige inngripenar, som hindra mål til Trott.
Så etter ca. 30 min. kom me fint fram på venstresida, og John Herman la eit nydeleg innlegg som Sindre gjekk opp på, og treffet var perfekt, og 2-0 til oss. Dette resultatet haldt seg til pause.
I pausen var det fokus på å jobba hardt oppi motstandar, for me følte at Trott kom litt lett gjennom midtbanen vår. Me måtte stoppa dei tidlegare.
Ut over i omgangen måtte me legga om frå 4-4-2 til 4-5-1, for å prøva å demma opp for motstandaren. Me klarte å halda dei på ein viss avstand, og dei store farlegheitene uteblei. Etter ca. 20 min. fekk likevel Trott si redusering, etter at me ikkje fekk klarert godt nok etter eit frispark. Nå var det kun knallhard jobbing som skulle til, men me sleit med skader på både Øystein og Fredrik. Ei stund var begge desse spelarane på sidelinja, og me spelte med 10 mann. Desse karane vart etter kvart kampklare igjen, og i siste halvdel av kampen kom me fram på nokre overgangar som fort kunne ført til mål for oss viss me hadde vore heldigare med avslutningane. Trott spelte nå med 3 mann bak, så det var ein del rom å spela på.
Dei siste minutta var ulideleg spennande, men til slutt bles dommaren av, og me kunne gå av banen som sigerherrar.
Ein strålande jobb av gutane, som med dette tok sin sjette av sju moglege sigrar i haust.
Me leiar nå 1. divisjonstabellen, og har ein kamp igjen mot Djerv 1919 i Haugesund måndag 26. oktober.
Spanande blir det, så følg med…………
Desse var med mot Trott: Ingve, Thomas, Dagfinn, Mads, Øystein W., John Herman, Christer, Øystein N., Fredrik, Vegard, Sindre og Ingvald.
Mål: Fredrik og Sindre