Ny, strålande laurdag i Prestavikjo, og det var nesten som om ein var i ein større by når ein var på veg til kamp. Folk strøyma til langs sykkelveg og inn på tribunane både i aust og vest. Det var store forventningar, sidan Suldal stort sett leverer og kaprar tre poeng på heimebane. Det skulle bli litt annleis denne gong.
Det vart ein jamn kamp med mange duellar. Nokre halvsjansar her og der, før drikkepausen var det nok Mohammed Ibrahim Dawud som var farlegast, men mål blei det ikkje. Det var derimot gjestene som skulle få mål. Dei hadde nok styrkedrikk i flaskene sine, for rett etter den litle pausen midt i omgangen var det Hundvåg 2 som skulle få mål. Målet var kontroversielt, spesielt for oss som heiar på Suldal. Hundvåg var på farten oppover si høgreside. Vår venstreback, saudabuen Lars Thomas Handegård, hang på, vingen måtte ta ein ekstrasving rundt sitt eige lag sitt støtteapparat og fekk dermed lang veg til ballen. Lars Thomas fekk klarert, men så bles dommaren for frispark til Hundvåg. Dette til eit unisont «NEI» frå tribuen der det var VAR-utsikt til situasjonen. Frispark blei det likevel, som førte til eit påfølgande hjørnespark. På hjørnesparket enda ballen etter ein retur hos ein hundvågspelar som i klar offsideposisjon tuppa ballen i mål. Dette skulle ikkje vore mål, men det vart det.
Det var likevel sjansar for Suldal til å slå tilbake. Lenge var heimelaget best, og då det blei utlikning etter 55 minutt, kjendest det ut til at det nå skulle gå mot tre poeng. Suldal fekk tildelt frispark etter trøyehalding. Også dette frisparket førte til hjørnespark. Mohammed tok dødballen og traff perfekt. I andre enden av serven stod den som luktar mål best i Suldal: Jone Utbjoa. Flott heading i nettet, og det stod 1-1.
Dessverre slo gjestene tilbake sju minutt seinare. Motstandaren får ballen på midten, får gå upressa gjennom forsvarsleddet vårt, og plasserer ballen kontrollert i keeper Oleg (Oleksii) Yalovets sitt lengste hjørne. Ikkje så mykje keeper kunne gjera med dette. Oleg viste ved fleire høve at han er ein glitrande keeper, det er berre til å sturdera ein svært god grunnteknikk i målvaktsarbeidet for dei som ønskjer å bli god mellom stengene.
Etter dette måtte Suldal jobba på for å utlikna og få poeng. Nærast var Hallvard Erfjord då han på innlegg frå Mohammed sette ballen i stolpen på nesten ope mål.
Det var varmt og sikkert tungt å springa utpå banen. Spelet til Suldal gjekk litt for seint til å få sett skikkeleg trykk på motstandaren i jakta på mål, og det blei lettare å ty til langpasningar som enkelt blei snappa opp av motstandarane. Trenar Ørjan Underbakke påpeika utallige gonger at ballen måtte spelast gjennom midtbanen, ikkje slåast langt ved kvart høve. Når ein ikkje greier dette, blir det lett å forsvara seg. Frustrasjonen blei etter kvart tydelegare hos heimelaget, og sjølvtilliten steig hos gjestene, spesielt hos dei av gjestene som stod på sidelinja. Då dommaren bles av, må ein notera kampen i kolonna for «surt tap».
Det vart plass til ein debutant i dag, Marijo Grabovac frå Stavanger har busett seg i Suldal og har tidlegare spelt for gamle kjenningar som Pol, Vardeneset, Tasta og Vidar. Han fekk vist seg fram med nokre fine stikkarar som viser at han har mykje fotball i seg.
Fakta:
Mål:
24 min: 0-1: Hundvåg 2
55 min: 1-1: Jone Utbjoa – målgj. Mohammed Ibrahim Dawud
62 min: 1-2: Hundvåg 2
Kort:
Gule: Hundvåg
Raudt (to gule): Mohammend Ibrahim Dawud.
Lag:
Oleksii Yalovets – Lars Thomas Handegård, Ingve Berge, Isak Berge Espe – Marius Sigstad, Torjus Steine, Atle Espevik Mehus, Jone Utbjoa, Jostein Marvik Hølland – Hallvard Erfjord, Mohammed Ibrahim Dawud
Innbyttarar: Tor Olav Aarhus, Kristian Sigstad, Marijo Grabovac