No på laurdag arrangerte Valle IL KM rulleski i Brokke, kor die har si eiga rulleskiløype. Løpet gjekk i nydeleg haustver med god stemning. Det var påmeldt over 100 løparar til rennet som gjekk i fristil. Frå Suldal IL stilte seks løparar til start.

Magnus Bakka Lunde er referent:

Først ut var Cecilia Vik J11 , Cecilia viste på Blinken i sommar at ho får god fart på rulleskia. Dette fortset ho med her, og gjekk seg inn til 1.plass i sin klasse. Ein blir ikkje kalla kretsmeister før ein vinn 13. års klassen, men Cecilia var uansett best i Rogaland/Agder krets denne dagen.

Neste ut var Jone Gjuvsland G13. Jone var kjapp i skisporet sist vinter, dette ser det ut til at han har tenkt å fortsette med. Han gjekk seg inn til seier i sin klasse, og kan dermed kalla seg krets meister i Rogaland Agder krets, Gratulerer!

Simon Bakka G15 var neste ut, som dette året går frå 3 til 5km distanse. Simon sier sjølv han starta ganske hardt, og blei stiv i beina tidlig i løpet. Det var ikkje verre enn at han klarte å halde konkurrentene bak seg til mål, og gjekk inn til KM seier i sin klasse.

Daniel G16 går 5 km distanse på andre året no. Daniel gjekk 3 jevne rundar i løpet som gav han ein 7. plass, men berre 1,28 min bak førsteplassen. Han byrjar absolutt å plukke sekunder opp til teten, som teiknar bra til vinteren.

Mathea Vik K18 går 10 km distanse. Mathea går andre året på Hovden skigymnas, og har gått stabilt gode løp både sommar som vinter. Ho hadde ikkje dagen på laurdag, og valde å bryte løpet etter cirka halvgått løp.

Thomas Bakka M18 går også 10 KM. Thomas som også går på Hovden, konkurrerte med løperar frå Hovden ski gymnas og Sirdal Ski gymnas. Sjølv om dei siste rundane ifølge han sjølv var noko seige heldt det heilt inn, og Thomas gjekk inn til KM seier i sin klasse.

Etter endt løp og premieutdeling, var det Team Elon Vest og Henning Wiig som tok stafett pinnen vidare, då vanka det nysteikt pizza til løperane. Løperane frå Team Elon Vest, som allerede har merka seg på nasjonalt og internasjonalt nivå, fortalde litt om seg, og korleis dei hadde komme seg dit dei er i dag. Etter dette gjekk ferda for løperane ut i løypa for teknikk trening og litt konkurranse. Medan me foreldre fekk ein oppfrisking av skismørjing, av stødige skismørjerar frå Valle IL.

Det må også legges til at Edel Gjuvsland som var med som støtte apparat til Jone, fekk tid til leksearbeid, medan ho venta på at Jone skulle bli ferdig på samling 😊

Denne dagen var ein suksess for både unge og vaksne!