Tidenes første 3’ar-turnering blei arrangert i dei nye 3’ar-banane i Prestavikjo i dag, torsdag 26. september. Veldig kjekt å sjå stor aktivitet på dei tre banane!

Alle 1.-2. klassingane i idrettslaga som er med i Suldalsserien var inviterte. Med berre tre spelarar på kvart lag, var det eit håp om at alle grender kunne stilla med lag. Kanskje kjente nokon seg ferdig med fotballsesongen nå når Suldalsserien- og cupen er over, eller så er det rett og slett ikkje så mange 1.-2. klassingar i alle grendene heller. Det var nå uansett kjekt at Haugil IL, med gjestespelar frå Jelsa IL, stilte opp, og at IL Sand kom med eitt lag. I tillegg til Suldal IL sine fem lag, blei det absolutt nok speletid på alle.

Me tenkte me ville prøva med reine gute.- og jentelag, og kanskje til og med reine årsklasselag. Det var nok litt optimistisk, så mange ungar er det visst ikkje i Suldal. Derfor slo me saman slik at alle spelte med mix-lag, og med både 1. og 2. klassingar på laga. 2. klassingane har alt ein heil fotballsesong i beina, mens 1.klassingane nesten ikkje har spelt organisert fotball før. Likevel blei det mykje mål og ein god del fint spel.

Alle laga fekk møta kvarandre i kampar på 10 minutt. Med sju lag påmeldt blei det seks kampar på alle. 3’ar-fotball med vant er intense kampar, slik at dei 10 minutta er så godt som effektiv speletid. Noko anna som er effektivt, er å avvikla kampar når me har tre banar rett ved sida av kvarandre. Som 3’ar-anlegg er dette nesten unikt, i alle fall i vårt distrikt. 21 kampar blei unnagjort på sju kvarter, slik at alle kom seg heim til leggetid.

Det var stor innsats på banen, med taklingar, driblingar, skot, mål, jubel, nokre tårer, litt vondt. Langs banane stod foreldre, besteforeldre, søsken og andre og fekk sjå mykje fotballglede. Som alltid når det er kamp i Prestavikjo om torsdagar, var kiosken open, slik at pølse- og kaffi-lukta breidde seg over kunstgraset.

Om spelarane var ganske ferske, så var dommarane heilt ferske. 11 sporty 7. klassingar hadde si første erfaring som dommar, og dette takla dei godt. Ein halvtime før turneringa møtte dei opp til eit kvikk-kurs i fotballdømming, med vekt på spesielle reglar for 3’ar-fotball og ekstra fokus på å vera tydeleg. Tydeleg med fløyta, med kroppen og med praten. Kampane hadde dei stålkontroll på. Det er synd me ikkje har ein bråte kampar for dei mindre, slik at dei unge dommarane hadde fått mykje erfaring. Veldig kjekt at så mange ville prøva seg, og me veit at det var fleire som kunne tenkja seg også, men som det ikkje passa for. Me skulle sjølvsagt hatt eit bilde av dommarane, men det tenkte me ikkje på. Tusen takk for jobben!

Veldig kjekt å ha arrangert den første 3’ar-turneringa, det er slik fotball skal spelast for 5-7-åringar. Me reknar med å arrangera fleire slike framover. Då håpar me på endå meir besøk frå naboklubbane også. Så vil me berre oppmoda om å bruka banane. Dei kan brukast i alle aldrar, a-laget har også vore oppi og brukt dei, så her er ingen for små eller for store.

Til slutt var det premieutdeling, kanskje den første for nokre av spelarane?