Godt samspel, tøffe taklingar og sterk lagånd.  Det var nokre av ingrediensane då G12-laget til Suldal IL spelte cup i Ølen laurdag.

12-årslaget til Suldal IL består av spelarar frå heile kommunen, og representerer klubbane Nes, Suldal, Sand, Erfjord og Haugil i eit samarbeidslag i regi av Suldal IL. I snart eit år har gutane spelt saman i kretsserien, og laurdag deltok dei på sin første cup då Ølen Kiwi Bama Cup blei arrangert.

Siri Handeland refererer,

Tøff motstand

Suldølen møtte arrangørklubben Ølen i første kamp og har spelt mot dette laget fleire gonger før. Både gutane og trenarane var difor klar over at Ølen byr på tøff motstand, og denne kampen blei ikkje noko unntak. Ølen viste høgt presisjonsnivå på pasningane og hadde fleire skot som fort kunne ha gått i mål, men troppen frå Suldal er ein arbeidsam gjeng og svarte med tøffe taklingar og høg innsats. Også frå sidelinja var det god lyd frå foreldre, besteforeldre og søsken som hadde tatt turen til Ølen. Det blei ein spennande kamp der begge lag imponerte, og her kunne det fort ha vippa begge vegar.  Suldal viste likevel at dei klarte å halda hovudet kaldt i pressa situasjonar, og sto på til siste slutt. Det var også det siste målet eit godt bevis på etter å ha klart å «krangla» ballen i mål til 2-0-siger.

Høgt energinivå

Etter ein liten pust i bakken sto Etne for tur.  Suldal var ikkje heilt på hogget i starten, men klarte etterkvart å få kontroll. I pausen kom det klare meldingar frå trenarteamet Aslak Moe og Svein Carlos Gjil. «Midtbanen må jobba, me har ikkje råd til å sleppa oss nedpå. Og med påfyll frå trenarane, gira spelarane kvarandre også opp.  «Kom igjen nå», ropte dei til kvarandre før dei sprang ut på banen igjen. Suldal førte an i 2. omgang og viste at målteften er høg på laget. Det same er vinnarviljen, og etnebuen måtte sjå seg slått av suldølen.

Familievennleg

Ølen Kiwi Bama Cup er ein cup for barn mellom 6 og 12 år og her var det fokus på at heile familien skulle trivast. I idrettshallen kunne småsøsken boltra seg i hoppeslotta og på ulike stasjonar kunne ein bli pynta med glitter, smaka på grønnsaker mot å få fotballkort og testa eigne fotballferdigheter. I kiosken var det påfyll for svoltne magar med bollar, vafler, juice, smoothie, fruktbeger, pølser og alt det som høyrer med på cup.

Uthaldande

Kampen det knytta seg størst spenning til var den siste mot Stord-laget Trott, som gutane ikkje hadde møtt før. Spekulasjonane gjekk høgt blant spelarane om kva dei kunne forventa seg av motstand. Suldølen viste tidleg at dei visste kor målet sto, og fekk god kontroll på spelet. Kanskje var det i denne kampen kameratgjengen frå Suldal viste mest av det flotte samspelet som G12 har blitt verkeleg gode på. Utover i kampen kom sunnhordlendingane meir med, men det var likevel lite å gjera med seige suldølar.

FairPlay

Etter ein flott fotballdag i Ølen, er prestasjonane og talet på mål strengt tatt underordna, sjølv om me alle veit at det er stas å vinna fotballkampar. Like viktig er det å ta til seg rosen gutane får for åtferda si, både på og av banen. «Eit kjekt lag å spela mot», blei det sagt frå eitt av motstandarlaga. All grunn til å vera stolte over ein slik gjeng.

Dei som var med: Åbjørn Marcussen Moe, Svein Aksel Tjøstheim, Sømjo Vaarvik Gardsteig, Kevin Havrevoll, Thomas Veen-Fjetland, Ola Rodrigo Gjil, Luca Ramphomane Aandahl og Aslak Ottøy Vestbø. Framme frå venstre Tarjei Moe Handeland, Jone Gjuvsland og Johannes Jørgensen Nærheim. Foto: Siri Handeland

Fornøgde gutar på G12 Suldal etter ein god cupdag i Ølen.