Då nærme sesongen seg slutten i lokalfotballen. For 7 er laget me har hatt i Stavanger hadde me siste kamp mot Madla 6 den 14 oktober.

7 er laget er eit tilbud til fotballspelerar i Stavanger der me ikkje har noko form for organisert trening. I tillegg til dei som er knytt til A-laget er det og eit tilbud til dei som liker å sparke ball, med ei viss tilknytning til Suldal. Me har i tillegg denne sesongen hatt gleden av å ha med oss tre saudabuar, som alle har gjort ein strålende innsats.

Sesongen endte for vår del som nummer tre, likt på poeng med Vardeneset 3 der begge lag fekk 21 poeng på 10 kampar. VBK3 hadde bedre målforskjell. Tabellen vart toppa av Vidar 3 som og var favoritt før sesongen tok til.

Toppscorer i serien fekk me likevel der Jan Phillip putta 16 mål på 11 kamper.

Me har godt håp om lag sesongen 2025, men me må ut på keeperjakt då vår eminente skuddstopper Jørgen flytter heim til Suldal.