Damevinnarane Haugil IL var ikkje og fekk premien sin på banketten. Her er sølv- og bronsevinnarane i dameklassen; Suldal IL og IL Sand.

Laurdag 26. oktober avslutta me årets Gubbaserie med superlaurdag og samla alle seks laga til siste serierunde i Prestavikjo. I tillegg blei det arrangert tidenes første dameturnering for seniorlag i Suldal IL. Tre damelag spelte serie mot kvarandre. Dermed var det seks fotballkampar på kunstgraset i Prestavikjo denne dagen, noko som sjølvsagt førte til godt folkeliv.

2024 er tredje året det er arrangert gubbeserie i Suldal, og serien begynner etter kvart ta god form.

Det var Ola Sigstad som drog i gong forslag om å ha ein lokalserie for seniorar i kommunen i 2022, då Jelsa IL arrangerte Suldalsserien sist. Dette har vist seg å vera noko som kvar grend har hive seg på. At kvar grend stiller lag viser at det er mange som eigentleg vil spela fotball, men som tenkjer a-laget enter tek for mykje tid, har for høgt nivå eller er for seriøst. Det er mange som kunne tatt nivået til 6. divisjon om dei hadde ønskt. Det ser ut til at nivået hos fleire lag er blitt merkbart høgare desse tre åra. 

Litt meir uryddig i oppstillinga enn damene, men ein glad gjeng gullvinnarar frå IL Sand til venstre, og ein meir avslappa trio frå Erfjord IL som henta heim bronsen. Sølvvinnarane frå Jelsa IL var ikkje til stades.

Det er veldig kjekt og sjå at det er mange som  kosar seg med fotball, og me er imponert over at alle laga har fått fullført ti kampar i år, nokre utsettingar har vore naudsynt, men det må ein nesten rekna med. 

Gubbaserien trur me har gjort at fleire i kvar bygd er blitt betre kjend, og ikkje minst er me blitt betre kjent på tverrs av bygdene. Gubbakampane er og blitt ein snakkis rundt på arbeidsplassar og har skapt ein felles arena for dei som er i målgruppa. På banen kan det til tider bli høg temperatur, det er ein del uforløyst testosteron som kanskje ikkje får utløp i kvardagen, me får kanskje sett at det bur temperament i sjølv den mest sindige suldøl i desse kampane. Når temperaturen har lagt seg, må ein likevel tru at desse kampane bidreg positivt til å få eit godt fotballmiljø i kommunen.

I år vart det tett kamp i toppen. IL Sand såg lenge ut til å cruisa inn til sikker gullplass med åtte strake sigrar, men så gjekk dei på to tap mot slutten. Då augna Jelsa IL sjansen og hadde ein superspurt. Til slutt stod det på målforskjellen, og der var IL Sand sterkast. Erfjord IL fekk tidleg eit grep om bronseplass. Kampen om 4.-5. plass var tett heilt til siste kamp mellom Nesflaten IL og Haugil IL, der det var Nesflaten som trakk det lengste strået. Som arrangør av årets serie sørga Suldal IL for god stemning hos motstandarane i samtlege kampar. Me lata som at me skulle prøva å vinna nokre av kampane, og tapte derfor 3-4 kampar med knapp margin. Elles lot me motstandarane pynta på målforskjellen sin….

Før korona hadde me eit seniorlag for damer i Suldal som spelte eit par år i seriesystemet til fotballkretsen. Etter korona var det vanskeleg  å få det i gong igjen, så fotball for damer har hatt dårleg tilbod dei siste åra. Me ville derfor sjå om det var stemning for dameserie i år. Det var fleire som ville prøva på det, men det blei ikkje nok grunnlag til å laga serie. Derfor ville me prøva oss med ei helgeturnering i staden. Det var flott at me fekk til ein damerunde i dag, og fleire av dei som var med på damelaget til Suldal for fire-fem år sidan er på plass her i dag. Denne laurdagen stilte Haugil IL, IL Sand og Suldal IL kvart sine damelag. Tre lag er ein god start, og me håpar det kan vera potensiale til minst eit lag til. 

Det var Haugil IL som vart det sterkaste damelaget. Dei hadde solid forsvar og viste målteft framme. Kampen mot IL Sand hadde dei kontroll på, men Suldal IL baud på tøff motstand. Her vart det knapp 3-2-siger. Dermed tok Haugil IL gull i tidenes første dameturnering i fotball i Suldal! Suldal IL og IL Sand møttest i siste kamp. Her var det og mykje godt spel, men det var Suldal IL som var sterkast framfor mål. Arrangørklubben tok dermed sølv, mens det blei bronse på IL Sand. 

Om kvelden var det bankett for både gubba- og damelag. Her samla det seg 50 spelarar frå Suldal, Sand, Nesflaten og tre representantar frå Erfjord. Haustfest i Erfjord same dag gjorde at det blei kollisjon i arrangement. Jelsa og Haugil felte seg av denne gong, men om det blir tilsvarande samling neste år, håpar me dei hiv seg med. Kvelden starta med knallgod lasagne frå Kulp. Som den gode samarbeidspartneren dei er, sponsa Kulp rabatt på maten. Etter nokre ord frå arrangøren, samt premieutdeling, blei det quiz og elles mykje god drøs. 

Om ein skal gjenta forsøket må evaluering etter denne dagen svara på, men det hadde nå vore kjekt om ein fekk til det.  

Tabellar: