Den siste veka har me fått på plass to store deler av Prosjekt Prestavikjo: Nytt flaumljos og asfaltert turveg som ein kan nytta til rulleski. Då nærmar prosjektet seg slutten for i år.

BG Suldal AS og Ola Fisketjøn AS står for grunnarbeid som er gjort i haust. JK Elektroservice AS står for montering av lys. NCC har lagt asfalt. Me er svært nøgde med alt arbeidet som er gjort!

Dei første rundane på rulleski er gjort unna på den 520 meter lange sløyfa rundt fotballbanen. Dette er del 1 av turvegen. Me har eit mål om å få på plass asfalt langs Lågastien i 2025.

Klikk inn for meir tekst, video og fleire bilde.

Det siste året har det vore så som så med lys for fotballspelarane om kvelden, ein etter ein har dei gamle pærene slukna. Sidan me skulle få nytt lysanlegg i haust, så har me hatt dunkel stemning på kveldstreningar og kampar. Nå er det derimot tipp-topp. Det nye anlegget kan stillast frå 100 lux til 200 lux, og trenarane har tilgang til å styra dette.

Det skal også komma lys på pompeløypo og litt meir lys på 3’ar-banane i haust. Dei skal ein etter planen kunna slå på sjølv, slik som i Bingen på skulen. Me ser altså lyst på framtida!