Bak frå venstre: Hallvard Erfjord, Atle Espevik Mehus, Jørgen Andre Mikkelsen, Tor Olav Aarhus, Marijo Grabovac, Ingve Berge, Øystein Nærheim, Jostein Marvik Hølland, Lars Tveit Lavalette, Torjus Steine. Framme frå venstre: Sigurd Årthun, Isak Berge Espe, Rene Adjemi, Marius Sigstad, Jone Utbjoa, Mohammed Ibrahim Dawuds og trenar Ørjan Underbakke.

Med poeng i årets siste kamp, ville a-laget sikra andreplassen i 6. divisjon 2024. Med Hjelmeland på motsett banehalvdel, visste me at det ikkje ville bli ein lett kamp. Det blei det ikkje heller, men til slutt viste heimelaget at dei i år også er nokre hakk kvassare enn laget frå nabokommunen.

Tabellen før kamp viste at Forus og Gausel 2 var i ein klasse for seg i år. Dei hadde ti poeng leiing, og har vore klart best. Kampen om andreplass stod mot Vaulen 2 som hadde like mange poeng som Suldal. Dei var alt ferdigspelt før Suldal sin kamp, så med poeng var 2. plass sikker.

Kampen starta med press og kontroll frå heimelaget, men utan uttellign var det ette kvart Hjelmeland som kom til nokre halvsjansar. Det var i grunn to jamne lag i første omgang, der ein likevel følte at Suldal hadde grei kontroll. Problemet er at når ein ikkje skårar mål, så skal det så lite til før motstandaren plutseleg går i leiinga. Fem minutt før pause mista Suldal ukonsentrert ballen på eigen halvdel. Denne sjansen lot ikkje gjestene gå frå seg. Åleine med keeper sette dei ballen sikkert i mål til borteleiing.

Heldigvis slo Suldal tilbake rett før pause, då divisjonen sin toppskårar Mohammed Ibrahim Dawud blei spelt gjennom på vår høgreside. Mohammed er sterk i kroppen, så han skubbar unna backen. Han er rask, så han spring i frå, og han har ein sikker fot, som han bankar ballen i mål med mellom keeper og stang. Godt med utlikning før pause!

I andre omgang styrer Suldal frå start, og det ser ut til at dei tidleg skal avgjera kampen. Dei offensive spelarane våre er målkåte. Øystein Nærheim slår eit innlegg inn på om lag 15 meter. Der står all-time-toppskårar Jone Utbjoa klar. Han gjer si kanskje dårlegaste heading nokonsinne, men ballen dalar sakte og sikkert over bortelaget si målvakt og inn i nettmaskene. Suldal er i leiing.

Ikkje lenge etterpå var det Hallvard Erfjord sin tur. På frispark frå Ingve Berge styrte han ballen sikkert i mål frå bakre stolpe. 3-1, og dette burde vera i boks. Hjelmeland ville det likevel ikkje slik. Dei hadde først ein stor sjanse der vår sisteskanse Jørgen Andre Mikkelsen fekk ei lang hand på ballen. Returen sette Hjelmeland i Torjus Steine som redda på streken, mens den siste returen blei fyrt langt over mål. Gjestene si etter kvart fortente redusering kom likevel på ei kontring ikkje lenge etter.

Suldal svarer med Mohammed som fossar fram på venstresida. Legg merke til at Mohammed kjem til sjansar både frå høgre og venstre, ein vandrande spiss der, altså! Etter å ha passert backen, skjer han inn mot mål og har i grunn klar sikt og kan avslutta sjølv. Bak på motsett stolpe spring likevel Hallvard seg inn i ein betre skåringsposisjon. Mohammed sentrar og Hallvard set ballen i mål. 4-2, nå er det vel trygt?

Neidå. Dommaren hadde så langt hausta skryt frå tribunen med gode vurderingar, tydeleg i kommunikasjonen og tett oppi situasjonane. Så kom ein situasjon der publikum med heile vitet noterte ikkje mindre enn tre feilvurderingar på same angrep. Først handsa bakerste mann slik at Suldal ikkje fekk kontra. Så angreip Hjelmeland, men Jørgen fanga ballen i begge hender. Hjelmeland kriga den ut av keeperhanskane utan at dommar greip inn, før ballen kom til ein kvitkledd kar som stod i offside. Dette er heilt klart objektive vurderingar frå oss som sat 50-60 meter frå situasjonen! (Smile- og blunkefjes-emoji.) Dermed ny redusering til 4-3.

Ikkje lenge etter greidde Hjelmeland å utlikna med ei skåring frå si venstreside, og det såg ut til at Suldal hadde tatt sesongavslutning litt tidleg. Likevel var det framleis andreplass på tabellen, men det er absolutt kjekkare å avslutta sesongen med siger. Derfor blei ermane bretta opp, og dei gul-svarte sette inn ein sluttspurt. Først avslutta Mohammed skåringssesongen med å skyta ballen i mål frå 20 meter, før han tok hjørnespark rett før slutt. Hjørnesparket møtte Jone kontant og dunka ballen i tverrliggar og i mål. Det var meir kontant enn den første nettkjenninga hans i dag.

Målet var det siste som skjedde. Då dommaren bles, var det nok ein letta gjeng som kunne jubla for å slå nabolaget og feira nok ein god sesong heilt i toppen av 6. divisjon. Det er her det er kjekt å vera!

Fakta finn de på fotballkretsen sine sider.

Siste mål for 2024-sesongen: Jone Utbjoa 6-4.
Suldal – Hjelmeland 2. nov 2024