Sesongavslutning betyr oppsummering, heider og ære. Her er dei som har utmerka seg ekstra i 2024.
Årets spelarar:
Mohammed Ibrahim Dawud og Jørgen Andrè Mikkelsen.
Mohammed har hatt ein super sesong etter å ha blitt flytta frå kant til spiss. Coaching i verdsklasse av trenarane! 17 mål på 15 kampar er Haaland-snitt. Mohammed sitt bidrag har vore med å avgjera fleire kampar. Flott avslutning mot Hjelmeland med to mål og to målgjevande. Rykta går om overgang til Vardeneset i vinter. Skulle det vera ein realitet, så ønskjer me lukke til! Og så er døra alltid open hos oss i Suldal.
I andre enden av banen har Jørgen rydda opp i stor stil. Come back-sesongen har vist ein tydeleg og sikker sisteskanse, divisjonens beste målvakt blei nemnd i grunngivinga. I Jørgen håpar me at me har ein storkeeper i mange sesongar framover. Han har også stått fram med eit godt bidrag i garderoben og i spelargruppa.
Les meir for fleire utmerkingar.
Årets unge spelar:
Jostein Marvik Hølland.
Saman med klassekompis Tor Olav Aarhus har 15-åringane tatt steget frå ungdomsfotball til seniorfotball på ein overbevisande måte. Jostein har hatt noko meir speletid enn Tor Olav, og det blei tunga på vektskåla då tittelen blei delt ut. God fysikk, teknikk og speleforståing på begge, og Jostein har dessutan teikna seg på skåringslista i år. Begge har vist seg til å stola på når dei har fått sjansen, og sidan dei begge bur heime så har dei tilført gode bidrag for å få ein god treningskvardag for a-laget.
Toppskårar:
Mohammed Ibrahim Dawud
Det er ingen overrasking at det blei Mohammed som tok denne tittelen. Med to mål i siste kamp, enda han på 17 fulltreffarar på 15 kampar. Med det klatrar han opp på 4. plass på all-time toppskårar for a-laget etter 2009. Føre seg på totallista har han tre som denne gong kom bak han på sesonglista. To av dei skåra også to mål kvar i siste kamp mot Hjelmeland: Jone Utbjoa enda på ni mål, mens Hallvard Erfjord sette sju ballar i nettet.
Flest kampar:
Mohammed Ibrahim Dawud og Marius Sigstad
Begge spelte 15 kampar i år, og begge måtte stå over ein kamp på grunn av karantene. Så dette er to spelarar som veit å prioritera og som er til å stola på. Og sjølv om me ikkje skal vera eit stygt lag, så skal me i løpet av ein sesong få litt gule kort dersom korta kjem for tøft, men fair spel.
100 kampar:
Hallvard Erfjord
Det er jubileum når ein rundar 50, 100 eller 200 kampar for a-laget. I år var det Hallvard som runda ein slik milepæl. Sin 100. kamp spelte han i nestsiste runde borte mot puljevinnar Forus og Gausel 2. Kampen enda med siger, og det gjorde hans 101. kamp mot Hjelmeland også. Gratulerer, og takk for innsatsen!