Hovudsponsoren til Suldal IL er tydeleg på at dei heiar på både prosjektet, Suldal IL og andre gode initiativ for å skapa aktivitet i kommunen vår. Med denne gåva er den totale gåvesummen frå banken til «Prosjekt Prestavikjo – eit nærmiljøanlegg for alle!» på heile kr 900.000,-!
Utan bidrag frå Sparebanken Vest, ville ikkje prosjektet blitt det som det nå kan bli. Siste hand på verket for arbeidet i 2024 blir tatt hand om i desse dagar, og då er 3’ar-banar, pompeløype, asfaltløype rundt banen, tribune og splitter nytt og flott lyssystem på plass. Med gåva frå Hans Olav og Stig Morten i bankjen, gledar me oss til våren og nye tilvekster i Prestavikjo.
Tusen takk for gåva!