Ja, me skriv det i den rekkjefølgja. Den første helga i desember er det tradisjonen tru at Hovdenrennet går av stabelen, men for skigruppa i Suldal IL er det ikkje nødvendigvis skirennet som står i høgsete denne helga.
Fullstappa bilar med 50 suldølar køyrte over fjellet til Hovden Høgfjellsenter fredag ettermiddag. Her har Suldal IL i lange tradisjonar hatt base i desemberhelga, men så mange som 50 små og store er ikkje kvardagskost. Det vitnar om at det gror godt i rekrutteringa i skigruppa for tida. Mange klubbar rundt om slit med låge medlemstal og aktivitet i skiklubbane. Det fekk me også merka på startlistene til årets Hovdenrennet, som gjekk av stabelen laurdag 7.desember. Også speakeren presiserte at det var lågare påmelding enn på lenge, og oppmoda klubbane til å legga seg i selen for skiidretten si framtid.
Vel framme i varme hytter, var det ikkje lange tida før me samlast i skiløypene. Dei store snømengdene kunne me sjå langt etter i år, men kunstsnøen redda skihelga. For nokon var dette første gang dei hadde ski på beina denne sesongen, andre prøvde seg litt då snøen kom på besøk for nokre veker sida. Uansett var det greitt å få ei gjennomkøyring og bli litt kjend med korleis løypene ville bli. Vel tilbake til hyttelandsbyen, trur kanskje mange at det nå var rett i seng og lading til morgondagens skirenn, men då tar du feil! Også her er det lange tradisjonar som skal haldast i hevd… «Kor er ungane frå dei andre skiklubbane?» Nå skal ein møtast ute i mørket mellom hyttene til snøballkrig og «Gøym og leit». Det blei vel nærast nytt døgn før ungane bretta dyna over seg.
Etter ein god frukost, var det tid for sesongens første skirenn. Om andre klubbar ikkje har all verdas medvind for tida, så var det derimot mange Suldal IL-skidressar å sjå på stadion, og me hadde utøvarar med i dei aller fleste klassane: frå barneskirennet til senior. I år var det nye takter frå arrangøren, Hovden Sportsklubb: Dei starta laurdagen med barneskirenn, medan dei eldste gjekk til sist. Då fekk dei aller yngste gå medan det var folk på stadion som heia, og dei kunne bruka resten av dagen til det dei hadde lyst til, godt nøgde med eigen innsats og ein kjekk premie i handa. Etterpå var det 10-åringane som starta Hovdenrennet 2024. Vel ute frå start gjekk det slag i slag med utøvarar som skulle gå to sløyfer på stadion: Nokon starta, nokon skulle runde, medan andre gjekk i mål. Jenter og gutar i alderen 9 og så 8 år. Nærast samtidig gjekk også starten litt lenger nede på stadion, kor jenter og gutar i alderen 11 og 12 år skulle gå 1 runde i løypa, som var dekka av kunstsnø. Vidare auka det med rundar i løypa og med alder på utøvarane. Foreldre, støtteapparat og heiagjeng måtte halde tunga beint i munnen for å få med seg alt. Men det meste gjekk ganske smurt. I mål kom alle, og det vart premiar og pallplasseringar.
Etter nokre kjekke timar med skirenn, var det «fritid». Nokon nytta høvet til å gå litt meir på ski, andre tok turen til badeland eller på handel i sentrum. Kaffien og praten gjekk unna, og det var sjølvsagt også rom for avslapping på hytta med litt sport på TV-skjermen også. Men som nemnt, så er det ikkje idrettsprestasjonane som me vil framheva denne helga! Hovudmålet med klubbturen til Hovden, er nettopp det: Klubben, fellesskapet og dei kjekke opplevingane i lag. Når så mange reiser i lag, er det ikkje plass til å samlast i ei hytta, så me leigde like godt Fjellgardshallen på laurdag.
Med faklar og Suldal IL-bannera utanfor døra blei alle ønska velkommen. Store stablar med pizza kom inn dørene, og kvelden fortsette med god drøs, fleire rundar med Bingo etterfølgt av basar og Quiz. Ekstra kjekt er det at ungdommane våre, som går på Hovden Skigymnas og søsken som er heime på helgebesøk også blir med. Dei er gode førebilde for dei yngre i skigruppa. Med små og store godt blanda, vart det ein veldig kjekk klubbkveld. Me vil nytta høvet til å takka det lokale næringslivet, som gav gevinstar til kvelden: Autagro Møgedal, Bakka Industri Mek, BTV Bygdeservice, Felleskjøpet, Grieg Seafood, Mibau Stema, Mowi, Ola Fisketjøn as, Safari frisør, Statkraft og Sparebanken Vest.
Nokon meinte at kvelden endå var ung, og hadde meir energi på lager (les: den yngre garde). Med andre ord: hyttefeltet var utrygt for snøballar, men det var også curling og anna kreativ uteleik som avslutta dagen.
Søndag føremiddag var Suldal IL tidleg tilbake i skiløypene. Det viste seg å vera lurt, for det var mange andre som også vil nytta dei smale stripene med kunstsnø denne føremiddagen. Me fekk nokre kjekke timar i lag med skileik og skitrening i løypa og på stadion.
Tusen takk til små og store som bidrog til at helga vart så vellukka! Mange har allereie begynt å gleda seg til neste år, og me har plass til endå fleire.
Resultat frå Hovdenrennet 2024: https://live.eqtiming.com/74856