Frå venstre: Bronse – lag 2: Agathe Lunde, Ina Fisketjøn, Sofie Helgeland Våge. Gull – lag 3: Helene Hammer Vaage, Hanna Baustad Hoås, Mari Indrebø. Sølv – lag 6: Silje Lovra, Lina Baustad Hoås, Anja Lillehammer.

På an igjen! 18 damer og 33 menn brukte søndagen i romjula til den årvisse Nyttårscupen i gymsalen.

I år blei det 6 damelag og 11 herrelag. Litt ned frå rekordåret i fjor, då det var sju damelag og 14 herrelag. Likevel er me godt nøgde med oppmøtet. Sidan det var søndag, rakk me både damer og herrer på same dagen.

Først ut var damene. Her skulle alle laga møta kavarandre i seriespel først slik at alle fekk fem kampar. Nokre kampar var jamne, mens andre viste at det var litt forskjell på nokre av laga. Eit par lag peika seg ut til å kjempa om finaleplassane, nemnleg lag 3 og lag 6. På lag 3 spelte Helene Hammer Vaage, Hanna Baustad Hoås og Mari Indrebø. Spelarane på lag 6 var Silje Lovra, Lina Baustad Hoås og Anja Lillehammer. I seriespelet var det lag 6 som var sterkast, vann 1-0 og kom på 1. plass i gruppespelet.

Etter gruppespelet var det tid for plasseringsspel. nr 5 og 6 på tabellen møtte kvarandre, og desse var like gode, slik at det blei delt 5. plass på lag 1 og lag 4. Bronsefinalen gjekk mellom lag 2 og lag 5. Her var kampen jamn, og enda med at Kristina Kvæstad, Kristine Bøe Berge og Nora Vik fekk 3. plass etter 1-0-resultat.

I finalen var det så klart for ny duell mellom lag 3 og lag 6. Her var det tydeleg at lag 3 ville hemna tapet i gruppespelet. Her var det også søsterduell: Om eldstesøster Baustad Hoås vann første kamp, var det nok litlesøstera som gliste best etter kampen. Lag 3 vann til slutt finalen 4-1 og tok med seg fruktkorga heim.

Så var det tid for herreturneringa. Litt sjukdom gjorde at det gjekk frå 12 til 11 lag. Desse blei delt i to puljer med seks og fem lag. Gruppa med seks lag spelte fem og eit halvt minuttskampar, mens laga i pulje B måtte tyna seg i sju og eit halvt minutt sidan dei fekk ein kamp mindre. Dei fleste kampane i begge grupper var jamne, spesielt i pulje A viste det seg at i alle fall fem av laga tok poeng frå kvarandre. Lag 1 med Smret Isack, David Gjil og Elias Gundersen var det mest solide laget, vann fire og spelte ein uavgjort. Kva lag som skulle følgja med til semifinalen var lenge ope, men til slutt var det lag 3 med Ørjan Underbakke, Sindre Vik og Gaute Fossan Steine som tok andreplassen på målforskjell mot lag 4.

I pulje B var det lag 11 som såg kvassast ut, Jone Utbjoa, Levi Lundal Warhaug og Øyvind Gjuvsland vann alle kampane sine og sigla opp som favorittar til gullet. Her er det mykje rutine på i alle fall to av dei, Resten av pulja var jamn og open. Siste kamp i gruppa måtte spelast før det var klart for kva anna lag som skulle til finalen. Lag 10 måtte slå alt finaleklare lag 11, men det blei for tøft. Dermed blei det ungdommane på lag 9 som kneip andreplass i pulja. På lag 9 spelte Samuel Lunde, Magnus Lunde Hoftun og Mathias Melby Vold.

Frå venstre: Bronse – lag 11: Øyvind Gjuvsland, Jone Utbjoa, Levi Lundahl Warhaug. Gull – lag 3: Ørjan Underbakke, Sindre Vik, Gaute Fossan Steine. Sølv – lag 1: Smret Isack, Elias Gundersen, David Gjil.

I semifinalane vart lag 1 og 3 frå pulje A for sterke for lag 9 og 11 frå pulje B. B-puljelaga måtte gjera opp om bronsen. Førehandsfavorittane på lag 11 begynte å kjenna rutinen i leggane, og ungdommeleg pågangsmot hos lag 9 betalte seg. Det stod uavgjort 2-2 etter full tid, men i ekstratida med plutseleg død var det lag 9 som fekk målet som gav bronse og revansje frå gruppespeltapet.

Til slutt var det berre finalen igjen. Lag 1 slo lag 3 1-0 i gruppespelet. Skulle også finalen enda med revansjesiger? Ikkje godt å seia. Etter ordinære seks speleminutt stod det 1-1, så her måtte ein også ha ekstratid. Første laget som skårar innan tre minutt vinn. Får ingen mål på desse tre minutta, blir det straffespark-konkurranse.

Det såg ut til at begge laga sikta seg inn på straffe. Litt action var det, men redsla for å sleppa inn mål tok kanskje brodden av å senda alle mann i angrep. Det såg ut til å gå mot straffe, men fire sekund før slutt fann Sindre ut at nok er nok, og putta ballen i mål.

Veldig kjekt med mange ungdommar både blandt damene og herrene. Tynnare i rekkene var det blant dei eldste, kun ein deltakar frå 70-talet, og få frå første halvdel av 80-talet. Snittalderen må opp til neste år!

Dermed var årets turnering over. Takk til Suldalsgutane- og jentene G13/14 som stilte med kiosk til inntekt for Sør-cup til sommaren. Hovudsponsorane Sparebanken Vest, Statkraft og Haugaland Kraft stilte med premiar, takk til dei. Og takk til dommarane Neri, Anders, Bård og Elias.

Vèl møtt til neste år, og god nyttårsfeiring!

Damelag 2024:

Lag1:Lina Indrebø, Maria Lunde, Amalie Vaarvik.

Lag 2: Sofie Helgeland Våge, Agathe Lunde, Ina Fisketjøn.

Lag 3: Mari Indrebø, Hanna Baustad Hoås, Helene Hammer Vaage.

Lag 4: Aleksandra Lovra, Anette Goa Bråtveit, Siri Vik

Lag 5: Kristina Kvæstad, Kristine Bøe Berge, Nora Vik.

Lag 6: Lina Baustad Hoås, Anja Lillehammer, Silje Lovra.

Herrelag 2024:

Lag 1: Smret Isack, David Gjil, Elias Gundersen.

Lag 2: Bjørn Madland Steine, Espen Vold, Mihretab Asefaw.

Lag 3: Sindre Vik, Ørjan Underbakke, Gaute Fossan Steine.

Lag 4: Magnus Fossan Steine, Ingve Berge, Helge Steinbru Lavusnes.

Lag 5: Jostein Marvik Hølland, Jon Bråtveit, Jonas Svennes Fatnes.

Lag 6: Rasmus Sundseth Steine, Bård Gundersen, Bjørnar Indrebø.

Lag 7: Robin Straabø,Torjus Steine, Jørgen Aadnøy.

Lag 8: Gaute Gjuvsland, Jørgen Andre Mikkelsen, Tor Olav Aarhus.

Lag 9: Magnus Lunde Hoftun, Mathias Melby Vold, Samuel Lunde.

Lag 10: Olav Bakka Berge, Bård Fulgestein, Hallvard Kristiansen Bakka.

Lag 11: Levi Lundahl Warhaug, Øyvind Gjuvsland, Jone Utbjoa.