De kan nå bestilla treningsklede og jakkar frå Umbro til både Suldal IL og Suldalsgutane- og jentene.

Her er treningsoverdelar, bukser og jakkar, samt jubileumsboka «Suldal IL 75 år». Den bør alle ha!

For å bestilla, sender de ein e-post med bestillinga til fotball@suldal-il.no innan måndag 27. januar.

Nokre av plagga høyrer til Suldal IL (svart og gult), og noko til Suldalsgutane- og jentene (blått). Svart coach-jakke og regnjakke kan ein bestilla både om ein høyrer til Suldal IL eller Suldalsgutane- og jentene. Pass derfor på at du skriv om det skal stå SULDAL IL eller SULDALSGUTANE- OG JENTENE bak. Det er også ulike sponsortrykk alt etter kven ein høyrer til.

I bestillinga må det stå:

  • Type klede
  • Trykk på ryggen (Suldal IL eller Suldalsgutane- og jentene).
  • Farge
  • Storleik
  • OBS: Så lenge ein går på ungdomsskulen, betalar ein jr.-pris sjølv om ein treng sr.-storleik. Skriv derfor ei melding om dette gjeld di bestilling.

KLIKK HER FOR Å SJÅ KOLLEKSJONEN Obs: Det er to sider med varer, bla opp og ned for å sjå alle. Klikk på lenkjene for å sjå meir info om kleda.