Suldølane markerte seg sterkt i skiløypene då landets ivrigaste 13- og 14-åringar samla seg til Ungdommens Holmenkollrenn i helga.
Jone Gjuvsland, i klassen gutar 13 år, sikra idrettslagets beste plassering med ein imponerande tiandeplass i fristilrennet på søndag. Laurdag leverte han også eit sterkt løp og gjekk inn til ein flott 17.plass i det klassiske rennet. I same klassen imponerte Åbjørn Marcussen Moe og Svein Aksel Tjøstheim med solide prestasjonar.

For 14-åringane var konkurransen minst like hard, med lange deltakarlister og stor spenning. Aksel Sukka Mehus leverte to gode løp i guteklassen, medan Hanna Lunde Hoftun og Serina Litlehamar Kjetilstad viste sterke prestasjonar begge dagane.


Unik oppleving
Ungdommens Holmenkollrenn er ein av dei mest prestisjefylte arenaene for unge skiløparar i Noreg. Her måler ein krefter i legendariske løyper der Northug-bakken og det historiske oppløpet set rammene for ein unik oppleving. Spesielt for 13-åringane som debuterer i Holmenkollen, er det mykje spenning og forventning knytt til helga.
Og arrangementet stod til forventningane. Laurdagen baud på strålande sol og ei fantastisk stemning i arenaen. Suldal IL hadde på førehand leigd eiga smørjebu, der smøreteamet jobba iherdig for å sikre god glid og godt feste. Løypene i Holmenkollen er krevjande, med bratte bakkar og krappe svingar, noko som gir deltakarane ein real test.



Godt synlege
Søndagen stod fristil på programmet, og smøreteamet kunne senke skuldrene noko. Temperaturen var noko lågare, men løypene var likevel godt preppa for skøyteteknikk. Med mange deltakarar er dette eit stort arrangement der det viktigaste er dei individuelle prestasjonane, uansett kva plasseringa til slutt blir.
Suldal IL var godt synlege på arenaen med skidressar og jakkar der sponsormerka var tydeleg plassert. Helga baud ikkje berre på sportslege prestasjonar, men vel så mykje sosialt liv både for ungdommane og støtteapparatet.