Skiglede, supre løyper og strålande sol prega årets utgåve av Suldalsrennet som gjekk av stabelen laurdag 14. februar.

Dei yngste, og viktigaste, deltakarane i årets Suldalsrennet opna heile ballet med sin fellesstart for gutar og jenter under 8 år. Det er mange spente ansikt som står klar på startstreken for løypa som er 500 meter lang, og med ivrige stavtak og glitrande skøyteteknikk stormar dei minste skitalenta mot målstreken – nokre med mor eller far trygt ved sida, andre suser gjennom til heiarop frå sidelinja. Vidare kjem dei aldersbestemte klassane som perler på ei snor. Suldalsrennet er ein dag for ekte skiglede i alle aldersgrupper.



Vekst i skimiljøet
Suldalsrennet i år vart gjennomført i fristil, og det populære rennet trekte ivrige skiløparar frå både Valle, Stavanger, Hjelmeland, Sauda og Vindafjord for å nemne nokre. Sjølvsagt var det og tett mellom Suldal IL sine eigne løparar på resultatlistene. Det veks godt i skimiljøet i Suldal, og ein dag som denne viser breidda i den lokale barneidretten på ein særs godt måte. Løypelengda veks i takt med alderen med dei som skal måle krefter i sporet. Gutar og jenter i klassen 8 – 10 år går 1 kilometer, 11 – og 12 – åringane går 2 kilometer mens dei som går i klassen for 13 og 14 år går ei løype på 3 kilometer. På nivået over går gutar og jenter 15 og 16 år, samt kvinner junior og senior 5 kilomter, for menn junior og senior er det ei løype på 10 kilometer som ventar på Mosvatnet. Rennet er også ein del av kretscupen for dei i aldersgruppene frå 13 til 16 år.


Kafé og varmestove
Inne på Gullinghuset er det alltid like populært med kiosken som serverer alt frå lappar og pølser til sjokolade og smoothie. Også denne dagen var kafeen og varmestova godt besøkt, minst like viktig som resultattider og plasseringar er nemleg det sosiale livet rundt løypa. Lurer du likevel på korleis resultatet vart kan ein sjekke det på EQ Timing.