4.februar vart første Telenor skikarusell gjennomført. Då var det blitt utsett frå januar, kor snøen mangla. Februar var månaden kor me fekk gjennomført to karusellrenn og Suldalsrennet. Elles var det ein aktiv månad for skigruppa med fleire store skirenn utanbygds, og skigruppa har fått inn følgjande rapportar:
- Norgescup langrenn junior 17-20 år
Denne sesongen har Suldal IL 2 løperar som går Norgescup junior, Mathea Vik K18 og Thomas Bakka M18. Marte Krogh K17 var også klar for sin første Norgescup sesong, men skada kneet rundt juletider, og måtte dermed konstatere att mykje av skisesongen gjekk ut. Alle desse tri løparane går på Hovden Skigymnas, og fylgjer deira opplegg, men går renna for heimeklubben Suldal IL.
Norgescup junior består av 4 helger, kor det desse helgene blir gått renn fredag,laurdag og søndag. Igjennom desse helgene er det eit mål å samle seg NC poeng, som ein får om ein er topp 50 i sin klasse. Ein får betre poengscore etter kor god plassering ein har på rennet. Dei 50 med best poengsum får til slutt gå finalerennet avslutningshelga. Det er ingen lett sak å komme i øverste del av lista. I Thomas sin klasse er det heile 130 løparar, og i Mathea sin klasse over 90.
Dei som går for Hovden Skigymnas fylgjer då deira opplegg både med transport, overnatting og ikkje minst smørjeopplegg. Både løperar, trenarar og dei som er i støtteapparatet er nokså drilla på heile opplegget. Når me som foreldre kjem, er det kun heiajobben me treng ta oss av på skirennet.
Denne sesongen starta med ei VM mønstring på Lillehammer, som løparane valde å delta på. Første Norgescup helga starta i Molde, i helga som var, var dei i Gjøvik/Vind stadion og gjekk. Helga 13-16 mars skal dei til Lygna på NC, og siste og avsluttande NC går av stabelen på Hovden, kor både junior og senior løparar frå heile Noreg skal konkurrere.
I helga 21.-23.februar var det på Gjøvik og Vind stadion det skjedde.
Fredag var det klassisk, ein litt spesiell løpslengde som talde 3.75 km. Thomas gjorde nok eit godt klassisk løp og kom inn på ein 16.plass,som bekrefta 15. plassen han gjekk inn til i Molde. Mathea gjorde også eit bra løp denne dagen, trass litt utfordrande smørjeforhold, og gjekk seg inn til ein 29.plass.
Laurdag var det duka for skøytesprint, det var ei kjekk sprint løype med ein innlagt 180 graders sving i botn på ei utforkøyring. Mathea tok seg nokså greit vidare ifrå prolog med ein 40.plass, men måtte sjå seg slått ut i kvart finalen. Thomas sleppte på god fart inn mot 180 graders svingen, klarte med eit nødskrik å halde seg på beina. Og med snaut 3 tiendeler margin klarte han å ta seg vidare til kvartfinale. I kvartfinale viste han gode sprinteigenskaper og låg godt ann, men havna inn i ein velt og kom ikkje vidare.
Søndag var det fristil distanse fellesstart, K18 gjekk 7,5km og M18 gjekk 10km. Fellesstart med over 100 løperar kan vara ein utfordring å manøvrere seg i ,men det gjekk godt for begge. Mathea gjekk 2 gode rundar med jamn fart, og gjekk inn til ein 34. plass. Thomas fekk kjørt seg skikkelig denne dagen, og måtte kjempe med syre frå nokså tidlig på første runden, men gjekk seg inn til ein 37.plass.
I sum, godt levert av begge Suldalsløparane denne helga.
- 15.-16.februar: Høgdepunktet for Suldal IL denne helga var Suldalsrennet laurdag 15.feb. (Sjå eige referat). Øyvind Røgenes gjekk Trysil Skimarathon denne helga, som er eit av renna i langrennscupen som han deltek i denne sesongen. Her gjekk han inn til 19.plass i klassen Menn Elite. Ingeborg K.Hoftun har delteke i Grönklitt Criterium 61 i Orsa, Sverige og gjekk inn til ein 31.plass.
Søndagen gjekk Åbjørn Marcussen Moe og Simon Bjørheim Slettedalen Rundt i Sauda.
- Helga 6-9. februar var det klart for Denne gongen var det i Holmenkollen det skulle arrangerast. Hovedlandsrennet er «NM» for klassane 15 og 16 år, med 120-190 løparar i kvar klasse. På startlista frå Suldal IL stod Ingrid Sukka Mehus J16, Vilde TjøstheimJ16, Daniel Bakka G16, Agathe Lunde J15,Simon Bakka G15 og Gaute Gjuvsland G15. Daniel Bakka blei sjuk før avreise og måtte dette året stå over Hovedlandsrennet. Torsdag er første hovedlandsrenn-dagen, denne dagen går med til å bli kjent med opplegget og løypene. På ettermiddagen er det klart for innlevering av ski kretsvis. Dei siste åra på Hovedlandsrennet har det vore felles smørjeopplegg. Det fungerer slik at du leverer inn det paret du vil gå på i konkurransen dagen etter. Foreldre av løparar blir satt opp til å enten glide eller smørje feste på skia. Poenget med felles smørjeopplegg er at alle får lik behandling av skia med akkurat same produkt under, både på glid og feste. Skia som skal brukast i konkurransen får derfor ikkje takast ut av området, kor kun løparar og vakter får halde seg før og under konkurranse.
Fredag var første renndag kor klassisk distanse 5km var på planen. Opphaldsvær og fint i Kollen og rundt 0. Jenter 15 var først ut i det som i starten var flotte løyper, deretter J16 og til slutt gutane. Når fleire hundre løparar hadde forsert løypene var det ikkje mykje som minna om klassisk spor i motbakkar og utforkøyringar, men god stemning både frå løparar og foreldre. Suldalsløparane bit stort sett godt ifrå seg i klassisk, og denne dagen var ikkje noko unntak, sjølv om ein kan stadfeste at det er ikkje berre i Suldal at løparane trenar godt.
Etter løp denne dagen var det på ny innlevering av ski til felles smørjeopplegg for neste dag.
Laurdag er dagen kor det er duka for fart og moro på ski. Først er det sprint skøyting, med prolog for alle, med påfylgjande kvart, semi og finale for dei som når fram til det. Til start på Prolog stilte Vilde, Agathe, Gaute og Simon. Ingrid måtte gi seg etter fredagsrennet med forkjølelse. Alle 4 gjorde det bra i prolog, Agathe og Simon tok seg vidare frå prolog etter sterke tider. Det kan nevnast at Gaute låg svært godt an tidsmessig, men måtte i likhet med sin lagkamerat Simon dagen før, nedpå snøen litt som øydelegg mykje i ein prolog.
Løparane hadde så vidt fått svelt ned safta i mål før det lenger oppe i løypene var duka for skicross. Skicross er enkelt og greit ei fast løype med hopp,svingar, heftige stup og alt som skal til for å gjer det vanskeleg å stå på skia, og samtidig gå fort. Me foreldre som stod og kikka på var nokså samde om at viss me skulle prøvd dette hadde det blitt mykje kald snø oppetter ryggen når ein datt bakpå. Men løparane frå Suldal IL forserte løypene svært godt, og leverte alle gode tider i denne skileik konkuransen, som bryt godt opp i ein ellers hard utholdenhet-idrett.
På laurdagskvelden samla fedrar og løparar seg til felles mat. Her var det takeaway kinamat som blei ete både med og utan pinnar. Deretter diska Lars L. opp med ein eksotisk dessert han måtte heilt til Italia for å hente inspirasjon for. For dei som lurer var dette Krokan Is, hermetisert fersken,fløyte på boks og jordbær syltetøy på toppen. Så flott dandert til ,som berre ein mester kokk kan få til. Desserten kjølte godt ned i såre halsar etter alle heiaropa frå Suldalsfedrene som runga over stadion på dagen.
Søndag var det duka for stafett kor laga blir teke ut kretsvis, Rogaland/Agder krets hadde 4 jentelag og 2 gutelag som alle 6 laga gjorde det bra i konkuransen.
Etter dette var det klar for heimtur etter ei kjekk helg i Oslo.
Alle resultatene frå helga er å finne på: https://www.eqtiming.com/no/
I Tsjekkia gjekk Ingeborg Kristensen Hoftun «Jizerska 50» søndag 9.februar. Her enda ho som nr. 30 av 39 i eliteklassen for kvinner.
- 1.-2. februar reiste 13-. og 14.-åringane: Jone Gjuvsland, Svein Aksel Tjøstheim og Åbjørn Marcussen Moe, Aksel Sukka Mehus, Hanna Lunde Hoftun og Serina Litlehamar Kjetilstad til Oslo på Ungdommens Holmenkollrenn. Her må det nemnast Jone sin flotte 10.plass, som beste plassering. Lengre referat frå rennet ligg på nettsida. 1.februar gjekk Øyvind Røgenes og Simon Bjørheim 42 km lange Stenfjellrunden ved Gåsbu/Hamar. Øyvind vart nr. 29 (nr.7 i M35-39), Simon nr.113 (nr.27 i M30-34).