Mars vart månaden kor skikarusellen vart avlyst, snøen me venta på aldri kom… Men samstundes fleire renn å delta på likevel, med mellom anna KM, og ikkje minst Norgescup og NM på «heimebane». Her er referat frå skigruppa i mars:

  • 27.-30. mars: NM og NC på ski på Hovden og KM i terrengløp:

    I år vart NM del 2 senior og NM/Norges Cup-finale(NC) for  junior arrangert på Hovden, og dermed i Agder og Rogaland skikrets. På «heimebane» med andre ord. Det vart meldt om VM-stemning på stadion og langs løypa, og mange suldølar nytta høve til å reise over fjellet for å få med seg NM på ski. I tillegg til å treffa på «skistjernene» fekk dei også heia på lokale utøvarar: Fredag var det 5 km fristil for kvinner og 10 km fristil for menn. Veldig gledeleg var det at Marte Krogh (K17) er tilbake etter skadeavbrekk, og gjekk inn til ein flott 31.plass. Mathea Vik (K18) gjekk inn til ein 49.plass, medan Thomas Bakka (M18) gjekk inn til 47.plass Laurdag var det sprint på programmet for juniorane. Mathea kom vidare til kvartfinale frå prologen, og enda på 33.plass. Thomas vart nr.28 i sprint etter at prologen vart resultatgivande for dei.  For seniorane var det 30 km klassisk for kvinner og 50 km klassisk for menn laurdag. Øyvind Røgenes og Simon Bjørheim frå Suldal IL stilte til start på 50 km, og gjekk i mål til 123.plass og 135.plass. Søndag fekk juniorane skina med NC-finale.  7,5 km fellesstart for Mathea( K18), kor ho enda på ein 28.plass. Thomas (M18) enda også på 28.plass på 10 km fellesstart. Resultatliste

  • 29.mars: Medan mange var på Hovden og fekk med seg siste rest av skisesongen, var andre klare for joggesko. Mortenløpene med KM i terrengløp i Njåskogen markerer gjerne starten på barmarksesongen. 426 løparar deltok i år. I år stilte Suldal IL med følgjande løparar: Halvor Steinbru Lauvsnes starta først ut i lag med mange gutar i klassen 0-7 år, før Klara Marcussen Moe gav gass i klassen Jenter 7-10 år. Fort gjekk det ut frå start i klassen Gutar 9-10 år, kor Aslak Steinbru Lauvsnes og Olav Marcussen Moe sprang gode løp. Åbjørn Marcussen Moe forsvarte KM-tittelen, og vann klassen gutar 13 år. Kjersti Moe stilte i klassen 5 km kvinner.
  •  
  • Helga 14.-16.mars gjekk Equinor NM Junior av stabelen på Lygna. Her deltok Thomas (M18) og Mathea Vik (K18) frå Suldal IL. Fredag starta med 10 km friteknikk for Thomas, som gjekk inn til ein god 37.plass av 105 startande. Mathea gjekk berre renn fredag: Av 84 startande finn me Mathea på 43.plass etter 5 km i skiløypa. Laurdag venta lengre distansar i klassisk stil. Thomas viste krefter på 15 km og enda på 16.plass denne dagen. Søndag var det stafettar. Agder og Rogaland hadde fleire lag i aksjon, men ingen pall-plasseringar vart det i år. Thomas gjekk første etappe på Agder og Rogaland – Lag 2, som enda på 24.plass i klassen menn junior.
  • Laurdag 14.mars vart også Birkebeinerrennet arrangert. Suldal IL hadde i år 3 løparar i mål på det 54 km lange klassiske rennet. Det meldast om eit svært skarpt føre, og raske tider i årets renn. Øyvind Røgenes starta i eliteklassen og gjekk inn til ein 174 plass (ikkje hans beste plassering, men hans raskaste tid i Birken. Men viktigast: Han slo Petter Northug…). I folkehavet bak starta også Lars Lunde og Simon Bjørheim, som blei nr. 651 og 653.  I UngdomsBirken deltok Amalie Lunde i  klassen UK12. I UK15 deltok Agathe Lunde, og ho blei dermed nr. 69 i sin klasse.
  • 8.mars vart KM og siste kretscup-renn arrangert i Brokke. Suldal IL hadde mange påmelde til dette rennet i februar, men det vart utsatt til mars pga. vêrforhold. Frå Suldal IL deltok: Cecilia Vik, Edel Gjuvsland, Amalie Lunde, Jone Gjuvsland, Svein Aksel Tjøstheim, Aksel Sukka Mehus, Simon Bakka, Daniel Bakka, Gaute Gjuvsland, Vilde Tjøstheim, Agathe Lunde, Ingrid Sukka Mehus, Mathea Vik, Thomas Bakka og Lars Lunde denne helga. Det vart både pallplasseringar og edelt metall med i bagen heim til Suldal. Resultatlister
  • Helga 1.-2.mars gjekk Tour de Hardanger av stabelen. Over to dagar blir det av Røldal IL og Korlevoll IL arrangert skirenn i nabokommunen. Dette gjekk dessverre underteikna litt «hus forbi», men to som fekk dette med seg og gjekk på ski på Korlevoll denne helga var Cecilia Vik og Vilde Tjøstheim frå Suldal IL. Dette var også helga for Vasaloppet i Sverige. Underteikna kjenner berre til Ingeborg K. Hoftun frå Suldal IL i år… Ho måtte dessverre bryte løpet i år p.g.a skade.
  • SI Rennet – KM fristil 1.mars:  Her stilte Jone Gjuvsland aleine til start i G13 på Tjørhom som einaste deltakar frå Suldal IL og i sin klasse. Han gjekk 3,3 km på tida 09:02 med fine forhold, god glid og rennet var unnagjort før regnet gjorde sin ankomst.
  • Kretscupen i langrenn 2024-2025 er nå ferdig. Resultata er publisert på skiforbundet si nettside: Resultatlister