
Seriepremiere i Prestavikjo, nokre timar før Eliteserien starta opp. Oftast er det lokalderby i siste serierunde, men i år blei det i sesongens første kamp at Hjelmeland kom på besøk.
Kampane mot Hjelmeland har ofte vore jamne, sjølv om det ved sesongslutt vanlegvis har vore ein del poeng og plasser i forskjell på tabellen i Suldal sin favør. Ein skulle tru dei kvitkledde gav litt ekstra mot oss?
Alltid spennande med første kamp. Suldal kjem frå eit par tap i oppkøyringa, først i Rogalandscupen mot Avaldsnes, og så mot Sauda. Hjelmeland ryktast å ha fått eit sterkare lag, og med Even Østensen med imponerande 168 mål på 277 kampar for med anna Staal Jørpeland i 2. og 3. divisjon og Viking på banen, så veit me det kan bli tøft. Det er også verd å nemna at Hjelmeland stiller med nyinnkjøpt keeper frå Suldal: Rasmus Sundseth Steine. For å få speletid valde han i vinter å melda overgang til naboklubben. Sidan han er skulegut på Tau så passa det best i år.
Kampen starta med at Hjelmeland fann kvarandre litt for godt med pasningsspelet, men og at Suldal fekk seg eit frispark i farleg posisjjon. Dessverre gjekk den ikkje i mål, men gjorde at Hjelmeland fekk kontra. Marius Sigstad tok opp jakta, men spissen til gjestene var rutinert og kryssa inn rett framfor Marius i straffefeltet. Det blei ei klar felling, og straffen var grei. Frå straffemerket var nemnde Østensen sikker og sette ballen ned til venstre for Jørgen Andre Mikkelsen i målet vårt.
Etter målet, kom Suldal meir med i spelet. Etter 14 minutt var det tid for utlikning. Rene Adjemi ordna dette sjølv. Først vann han ballen på midten, så avanserte han nokre meter før han skaut ballen i mål. Ikkje så ofte han skårar mål lenger, men denne hadde han full kontroll på.
Ikkje lenge etter viste Suldal teikn på godt samspel då Ådne Jordebrekk Fermann sentra til Rene som gav vidare til Magnus Søraas. Dessverre sette Magnus ballen rett utanfor. Kjekt å ha med Ådne frå Nesflaten og Magnus frå Sand i laget igjen! I tillegg kan me ønskja Eirik Naustvik frå Halvøya også inn som ny for sesongen. Den geografiske fordelinga i laget er god i år, med spelarar både frå Nesflaten, Suldalsosen, Sand, Erfjord, Jelsa og Ropeidhalvøya. Veldig kjekt å ha alle grendene som høyrer til Suldalsserien med på laget. Er det nokon i Vanvik som kjenner kallet!?
Kven skulle få overtaket i kampen? Joda, det var Suldal. Det blei frispark heilt ute ved sidelinja, om lag 25 meter frå mål. Øystein Nærheim er fus i alt og tok dette. Han sette ballen like godt rett inn i bortre hjørnet, slik at heimelaget gjekk til pause med leiing.
Det var eit håp at Suldal kunne rykka i frå og få eit pusterom i kampen etter pause, men det var Hjelmeland som var mest på. Etter nærare eit kvarter fekk gjestene eit litt billeg frispark på 18 meter, i alle fall etter oss på bakerste rad på tribunen med heile vitet sitt syn. Even Østensen skritta fem steg bak og eit lite til venstre. Han klinka til og sette ballen hardt i tverrliggar heilt i venstre kryss. Ballen dabba ned og ut, men det var ikkje naudsynt med VAR for å konstatera at ballen var bak streken. 2-2.
Heldigvis ville Øystein og vera to-målsskårar. Han blei sjølv felt rett utanfor 16-meteren seks minutt seinare. Det var ikkje like hardt, frisparket hans, men godt plassert. Øystein skrudde ballen rundt muren og ned i høgre hjørne. 3-2 og nå måtte vel leiinga halda?
I fjor konstaterte i alle fall me i Suldal at me hadde divisjonen sin beste keeper i Jørgen. Då kampen stod og vippa, viste han igjen kvifor me kan hevda dette. i midtfasen av andre omgang haldt han Suldal inne gjennom eit par gode redningar.
Hjelmeland jaga utlikning. Det gav Suldal rom for kontringar. Den eine kontringa blei godt avverga av eksil-suldølen Rasmus då han rykka ut og avverga heilt på 16-meter-streken. Likevel blei det ei kontring som sette punktum for kampen. Ballen kom opp til Isak Berekvam Steine litt inn på Hjelmeland sin halvdel. Han fekk raskt kontroll og spelte vidare til Hallvard Erfjord i full fart gjennom forsvaret. Hallvard fekk ballen og sette den trygt i mål til 4-2.
Siste kvarteret gjorde Ørjan Underbakke dei grepa som skulle til for å ri sigeren i land. Mykje godt å ta med seg, spesielt viljen til å ikkje gi opp og det at ein viser at ein kan skåra mål sjølv om den suverene toppskåraren frå i fjor, Mohammed Ibrahim Dawud i år blir å finna i Vardeneset og ikkje i Suldal.
Vel blåst!
Lag:
Jørgen Andre Mikkelsen – Marius Sigstad, Torjus Steine, Lars Tveit Lavalette – Ådne Jordebrekk Fermann, Jone Utbjoa, Øystein Nærheim, Rene Adjemi, Eirik Naustvik – Hallvard Erfjord, Magnus Søraas.
Innbyttarar: Isak Berekvam Steine, Tor Olav Aarhus, Jostein Hølland Marvik
