
Årsmøtet i Suldal IL ønska å heidra Svein Øystein Berge med pris for lang teneste for Suldal idrettslag. Etter mange år i offisielle verv har han nå gitt seg i fotballgruppa.
Prisen han får er eit maleri av Ellen Kalvig som me håpar han kan finna ein god plass til, enten i stova på Hagane, eller på den nye hytta på Strandalandet han nå får meir tid til å jobba og slappa av med. Heilt slutt på fotball og dugnadsinnsats er det likevel ikkje. Heldigvis har han sagt ja til å halda fram med å dømma ungdommane våre i Prestavikjo. Grunnen til at han var på banen i Prestavikjo denne fine søndagen var sjølvsagt at han var hyrt inn til å dømma kamp!
Dette er andre store heideren Svein Øystein får på kort tid. I februar fekk han Norges fotballforbund sin honorære leiarstipend til personar som har gjort ein lang og stor innsats for fotballen. Det blir fort slik at ein ikkje får den offisielle takken før ein gir seg. Me håpar og trur likevel at han har kjent på at folk undervegs har sett pris på alt han har gjort for fotballen i Suldal.
Grunngivinga for prisen er den same som då han fekk heider frå NFF, og mykje av det er henta frå jubileumsboka Suldal IL 75 år. Her kjem den:
Svein Øystein Berge, Suldal IL.
Svein Øystein har hatt mange roller i Suldal Idrettslag dei siste femti åra. Dei første åra hugsar me han som ein solid fotballkeeper som det strålte autoritet av i målfeltet. Med god spenst redda han skot frå å gå i vinkelen, og utan å nøla heiv han seg over ballen mellom målfarlege motstandarar i feltet.
Då han var i slutten av tenåra, var det ikkje fotballag i Suldal, så då spelte har for IL Sand eit par sesongar. Men på slutten av 1970-talet, då banen i Prestaviko blei opna og Suldal IL stilte lag, blei han med der. I bortimot 30 år stod han mellom stengene og var med på oppturar og nedturar med Suldal på fotballbanen.
Svein Øystein var i førtiåra då han gav seg fast som keeper, men av og til var det knapt med spelarar, og sidan han alltid var å finna på sidelinja, vikarierte han på banen mang ein gong. Siste gongen han stod i mål for Suldal sitt seniorlag, var han 57 år og hadde med dei to sønene på banen. I dag har han både son og barnebarn på laget.
Lagkjensla har vore viktig for at Svein Øystein har halde det gåande som aktiv i så mange år. Å vera saman om å vinna små og store sigrar, har vore den store motivasjonskjelda. Vinnarviljen har vore stor, men for Svein Øystein så er fotball mykje viktigare enn berre det som skjer ute på banen, det er vigtig for heile bygda.
Svein Øystein har tatt dommarutdanning og har vore kretsdommar, og sidan Suldal etter kvart har mange lag i aksjon, har han vore god å ha. Kvart år dømmer han ei mengd med kampar, helst ungdomsfotball, og han haustar mykje skryt for kvaliteten på dømminga.
Elles har Svein Øystein vore med i dugnadar, leiing og administrasjon i fotballgruppa heilt til dags dato.
Gjennom åra i fotballgruppa, har Svein Øystein vore drivkrafta for at fotballen i Suldal har blitt det den er i dag, med høg prosentvis deltaking i barne- og ungdomsfotballen på Suldalsosen. Han trivst best når han kan vera på kunstgrasbanen i Prestavikjo som tilskodar eller dommar, og sjå fotballspelarar i alle aldrar og kjønn spela ball. Dessutan var det sjølvsagt han som tok initiativ til å få på plass kunstgrasbanen då den kom. Ny bane gjorde at det kunne bli mykje meir aktivitet på fotballbanen. Det har gjort at det nå er yrande aktivitet året rundt, omtrent kvar dag.
Svein Øystein har hatt mange hattar som av og til gjekk over i einannan: Spelar, keeper-trenar, sportsleg leiar, sjåfør, dommar, materialforvaltar, Mr Fix-it og samtalepartnar når ein trong det. Ein framifrå kar med utallige verv og endå fleire meiningar. Som leiar og medlem i fotballgruppa i ei årrekkje, er han mykje av årsaka til at ting fungerte godt på banen, sidan alt utanfor banen var på stell. Drakter, ballar, kjøring, ferjer, banestell, snømåking, dommarar…alt tok han tak i.
Etter ein mannsalder i fotballgruppa til Suldal IL har Svein Øystein nå sagt at han vil sleppa nye folk til, og går ut av fotballgruppa. Likevel kjem han til å halda fram med å vera dommar, og heilt sikkert bidra på andre måtar for fotballen i Suldal.
I februar i år fekk Svein Øystein tildelt Norges fotballforbund sitt honorært leiarstipend som går til personar som har utmerka seg med lang og tru teneste for klubb som leider, lagleider, trenar eller i anna frivillig verv, noko som vitnar om at innsatsen hans er blitt sett pris på utanfor Suldal også.
Fotballgruppa, Suldal IL.
03.02.2025