Endelig bortekamp for Suldal i 6 divisjon. Første reisekamp denne sesongen var mot eit lag me har møtt mange gonger, Hundvåg 2. Dette er eit lag me har hatt eit dårleg tak på borte, men ein kan jo spekulere i om dei i det heile tatt spele med dei spelerane som til einkvar tid står på dommarkortet.

Utan å dra slutningar, så var to spelerar etterført og fleire med nummer som ikkje stod på dommarkortet. Det er ikkje lett for oss eller dommar å etterpå dette, men slik har me sett frå denne kanten i mange år. Likevel, Hundvåg 2 er eit lag me skal slå om ein vil på øvre halvdel av tabellen i ei knallhard pulje.

Denne tirsdagskvelden baud Hundvåg opp til flott fotballvær og gutta i for dagen svarte bortedtakter sprudla. Ingen tvil om at den gode sesongstarten mot Hjelmeland var ein motivator. Det skulle likevel vise seg å bli ein kveld som fotballmessig var like svart som dei, faktisk flotte draktene til Suldal.

I starten var det to lag som snusa på kvarandre, det var slik det pleier å var når gamle kamphanar møtes i ringen. Ingen fin affære og ingen, for å bruke fuglemetaforen, brusing med fjær frå hverken heime eller bortelaget. Det var likevel det påskegulkledde heimelaget som fekk den første sjansen, men Suldal rydda greit opp. Med omlag ti minutt igjen av omgangen skulle bortelaget få sin første og beste sjanse i kampen. Et strøkent hjørnespark frå Marius enda på hovudet til Jone, som med pannebrasken stanga ballen i tverrliggaren. Nært, veldig nært. Begge lag gjekk likevel til pause utan mål.

Andre omgang starta noko likt første omgang, men Hundvåg hadde gjort et par endringer i pausen. Eit par av dei som var lagt til i etterkant på dommarkortet kom inn og forsterka heimelaget. Dette førte til at dei etterkvart fekk overtaket og skapte ein del gode sjanser. For Suldal sin del var det tørt som i Sahara når det gjelde målsjansar. Målet til heimelaget skulle etterkvart komme og det var eit mål som lett kunne vore unngått. Eit dårlig slått frispark, men ballen sprette likevel forbi forsvaret til Suldal. I enden på ballbanen er det ein gulkledd spelar og han forstyrre Jørgen såpass at ballen går I mål. Fortjent nok ledelse til Heimelaget. Etter dette gjekk suldalslaget litt i oppløysing og heimelaget fekk fleire store sjansar som følge av dårlige avgjørelser av suldølen.

Langt på overtid skulle Hundvåg 2 sette sen berømte spikeren i kista med nok et mål. Underteikna fekk ikkje heilt med seg oppbygningen til målet. Likevel, et fortjent mål. Dommaren blese så av kampen og tapet er et faktum.

Dette er ein kamp Suldal må legge bak seg, men ein skal likevel ta med seg ein del ting til treningene framover. Det vil ein tru at trenarduoen vil sei seg enige i.

Neste kamp er laurdag 26 april kl 13.00 i Prestavikjo

Laget: Jørgen, Ingve, Torjus, Lars Thomas, Isak B Espe, Rene, Jone, Marius, Eirik, Hallvard og Isak B Steine

Benken der alle fekk speletid: Lars, Tor Olav Aarhus, Jan Philip, Jostein, Magnus