Suldal Idrettslag har også i ski sesongen 2024/2025 vist godt igjen.

Tri utøvarar har prestert på eit nivå som kvalifiserer til ei ekstra utmerking.

To av desse har allereie fått utmerking i sin klasse tidlegare og vil ikkje motta noko fra idrettslaget i år.

Simon Bakka

KM seier Brokke rulleski fristil distanse samt 7 plass i sprinten under HL (G15)

Thomas Bakka

KM seier Brokke rulleski fristil distanse samt 15 plass EQUINOR NC Langrenn Molde Klassisk distanse, 16 plass EQUINOR NC langrenn/ U23 NM ind. Klassisk distanse og 16 plass under NM JUNIOR klasisk distanse.

Så har me siste mann, Jone Gjuvsland. Her har me ein som fortenar ein ekstra utmerking for framifrå Idrettsprestasjon.

Ikkje berre har han tatt heile 3 KM seierar og vunne kretscupen for G13, men han har også bevist at han blander seg i toppen på større renn ved å plassere seg på ein 10 plass (fristil) og 17 plass (klassisk) under Ungdommens Holmenkollrenn med over 150 deltakarar i klassen.

Jone Gjuvsland

Årsmøtet i Suldal IL grunngir tildelinga med at Jone Gjuvsland vart krinsmeister (KM) i Rogaland og Agder skikrets på Brokke rulleski fristil distanse, SI Rennet KM fristil, KM Brokke klassisk distanse. Samt ein 10 plass på UHR fristil og 17 plass på UHR klassisk distanse (G13).