Ny vanskelig bortekamp for Suldal då me tok turen til Røyneberg for å møte Våganes til dyst. Motstanderen vår denne mandags kvelden spelte nylig i 5 divisjon, så det var uten tvil eit godt lag som stor på andre banehalvdel. Suldal hadde før denne kampen ein seier, ein uavgjort og eit tap. Våganes på sin side kunne skilte med eit 7-1 tap og ein 6-2 seier.

For Suldal sin del var det nok ein gong endringer i startoppstillingen og for første gong på fleire år fekk Glenn Søraas mulighet til å starte ein kamp for A-laget. Glenn, som gjorde ein god figur denne kampen har kun spela gubbafotball etter at han «ga» seg på A laget. Det er kjekt at både han og lillebroren, Magnus kan bidra igjen. Frå sist kamp mot Fiskå mangla Ingve, som vart erstatta av Lars Lavalette.

Laget som då starta kampen var Jørgen, Lars, Torjus, Rene, Marius, Eirik, Glenn, Jone, Isak B Espe, Hallvard og Isak Berakvam.

På benken var nok ein gammal kjenning, Erik Våge, som hadde lag med Tor Olav Aarhus og Jostein M Helland.

Kampen starta med to jevne lag der ingen skapte nokon farligheter. Slik var det dei første tjuefem minutta før Våganes utnytta eit høgtståande suldalsforsvar og kom stormende gjennom med to mot Jørgen.

30 min: To mot ein situasjon som blir spelt førtifem grader ut til medspiller. Heldigvis blir dette ein god sleiv og ballen går eit stykke utenfor suldalsmålet

32 min: Identisk situasjon som sist. To mot ein, førtifem grader ut og skot. Denne gongen treff spissen betre, men denne gong redder Jørgen mesterlig.

Heimelaget fortsatte å presse, men like før pause klarer Isak Berakvam å få med seg ballen langs høgresida. Spissen slår inn og samtlige trur nok at målmannen plukker dette innlegget greit. Likevel smyg ballen seg mellom hender og føter og trillar inn i mål

44 min: 44 min: Isak B Steine kjemper seg ned mot dødlinja. Legg inn, men der er kun heimelaget sin målmann….som på et eller anna vis klare å famle ballen i mål. 0-1 til Suldal

Like etter målet var også Lavalette gjennom, men her gjer målmannen opp for seg og redder med ein fin beinparade

Det roa seg litt og laga gjekk til pause med ledelse til bortelaget 0-1

Etter pause gjorde Ørjan eit bytte der Glenn tok ein pause, Erik Våge kom inn i forsvar og Rene vart flytta opp på midten. Dette skulle vise seg å var eit godt bytte då Erik klarte seg godt og dette skulle vise seg å var ein kamp der Rene kunne bruke sin rutine og fysikk.

Omgangen er kun to minutt då Suldal er heldig med dommaravgjørelsen

47 min: Våganes set ballen i mål, men dommar bles for offside. Den er tvilsom. Heldige der

Våganes kjørte kampen, men Suldal stod godt opp. Etterkvart vart heimelaget meir frustrerte og me fekk frispark og dødballer vår veg. Likevel var det eit visst press og eit heimemål låg i lufta. Suldølen kjempa godt og det var heile vegen ein suldalsfot eller hovud i vegen. Skulle me klare å stå i mot?
Glenn hadde etterkvart komme inn igjen då Jone kjende at kroppen forandre seg med alderen. Ti minutt før kampslutt fekk Glenn ein god mulighet.

80 min: Glenn kjem seg forbi forsvaret og prøver seg på et skudd. Ser ut som ein god retning på ballen, men målmannen redder greit.

Dette var alt Suldal hadde å by på offensivt denne omgangen. Likevel var bortelaget gode defensivt og stod godt i mot presset frå heimelaget.

Fire minutt på overtid bles dommar av dramatikken og Suldal tar, noko heldig med seg tre poeng i bagasjen. Herlige desse seierane.

Neste kamp er laurdag 10 mai kl 13.00 I Prestavikjo. Motstandar er då Paradis. Vel møtt