Det blir stadig jobba med å få inn støtte til «Prosjekt Prestavikjo – eit nærmiljøanlegg for alle!». Derfor vart me svært glade for støtta som kom frå den nystarta banken.

Rogaland Sparebank er resultatet av samanslåinga av vår ganske så lokale Hjelmeland Sparebank, og Sandnes Sparebank. Sidan banken profilerer seg med gult, så er fargen noko me i Suldal IL kan kjenna oss igjen i. Den lokale tilknytninga går gjennom kontoret dei har på Sand, der Hjelmeland Sparebank tidlegare hadde logoen sin.

Hjelmeland Sparebank har tidlegare støtta prosjektet med kr 100.000, så til saman er gåva frå dette banksamerbeidet nå på ein kvart million. Dette kjem godt med i det vidare arbeidet med å få Prestavikjo til å bli eit supert nærmiljøanlegg. Me jobbar vidare, steg for steg.

Tusen takk for gåva!