Kva er vel betre enn ein fortjent seier borte mot Storhaug på Midjord? Sikkert mykje, men deilig er det. Torsdag 15 mai, to dager før pølser, is, nasjaldag, sol på kroppen og noko godt i koppen blei kampen avvikla. Det etterkvart tradisjonelle oppgjøret mellom Suldal og Storhaug. Dei gule og svarte frå dalstroka i Ryfylke har etterkvart fått eit godt tak på dei raudkledde «byasane» frå Storhaug. Dei gode resultata skulle fortsette for suldølen etter kampen

Dommar var før kampen informativ til både representantar for laga og dagens kapteiner der han fortalte korleis han la linja og om dei nye reglene med at kun kaptein kan ta opp ting med dommaren. Ein grei måte å formidle dette på og dommaren skulle vise seg å var av det gode slaget.

Til start stod Jørgen i mål og hadde vel aldri sett for seg såpass lite å gjer mot eit lag som hadde starta sesongen godt. Forsvarstreeren Lars, Ingve og Rene stod godt opp mot målfarlige spissar.

På midten jobba Jone, Glenn og dagens kaptein, Isak B Espe opp og ned i banen.

Vingbackene Eirik og Marius var kreative og gode. Spesielt Marius imponerte underteikna med gode bevegelser og smarte løp. Sigstad skaffa og straffe til Suldal I løpet av kampen.

På topp starta Øystein, som nok ein gong hadde ein god kamp og Hallvard med gode bevegelser i romma bak heimelaget sine stopperar.

Benken vart bekledd av Tor Olav Aarhus, David og Isak Berakvam.

På Midjord har Storhaug blitt tildelt ein bane som i utgangspunktet er for liten for 11 fotball. Den lille banen innbyr likevel til tette dueller og dødballer som alltid er farlige frå midtbanen og inn. Etter tre minutt skulle Suldal få muligheten med frispark rundt midtbanen.

Ingve slo godt inn og over forsvaret til heimelaget, inn bak der smatt Jone som fekk ei tå på ballen. Dette var nok til å sette målvakten ut av spel. God start på kampen og 0-1

3 min: Mååål!!Ingve slår et frispark frå ca 50 meter og inn i boksen. Går ballen rett i mål?. Klarte an å kopiere storebror sitt fantastiske mål mot Figgjo frå 2009? Nei, Jone påstår at han var borti ballen. Dette KAN bli ein diskusjon😀😅0-1

Suldal fortsatte med å presse heimelaget og etter åtte minutt fekk Suldal hjørnespark. Øystein skal slå dødballen.

8 min: Wow Jone, den e nær 0-2..godt slått corner frå Øystein som ende klask i pannen på Jone. Uheldigvis går nikket like over.Fortsatt 0-1 og Storhaug får litt meir kontroll.

Det var ikkje ufortjent at Suldal leda på dette tidspunktet, men i denne perioden var det lite som skjedde bortsett frå dueller og lite finspel. Likevel skulle bortelaget etterkvart få sjansane sine. Tolv minutt før pause ligge ballen i heimelaget sitt mål.

33 min: Ballen ligg i nettet, men det ser ut som at dommar har rett når han blese for offside på Hallvard.Rett etter er Jone frampå.

34 min: Gigasjanse til Jone, aleine med keeper. Blir litt stressa der Jone og avslutter svakt på keeper.Storhaug begynte etterkvart å stresse og miste kontroll. Fem minutt før pause skal Suldal få sitt etterlengta 2-0 mål på straffe.

40 min: Straffe til Suldal..Marius gjennom og blir feid ned av keeper..Jone står klar og er sikker som banken. 0-2Dommar blese til pause etter førtisju minutt spelt og det er fortjent 0-2 til bortelaget.

Dei første minutta av andre omgang var det heimelaget som tok føringar utan at det vart dei heilt store sjansane. Suldal vart springende litt mellom som gjer spreke menn slitne. Etter femtiåtte minutt hadde underteikna notert seg.

58 min: Stillingskrig her nå..Ørjan gjer klar sitt andre bytte for dagen. Tidligere måtte Naustvik ut med skade, inn kom Tor Olav Aarhus. Nå er Glenn sliten og må ha pause. Inn kjem Isak Berakvam.

Berakvam som har vore målfarlig denne sesongen skulle vise seg å var eit godt bytte for etter åtte minutt på banen smelle det nok ein gong bak målvakten til Storhaug då Isak gjer heile jobben sjøl og auke ledelsen til 0-3.

65 min: 1-2-3….Isak Berakvam utnytte forsvarsfeil hos Storhaug. Aleine med keeper er han sikker..0-3Frå nå av og utover skulle det bli heseblesende med sjansar til Suldal og mål til Storhaug.

71 min: God sjanse til Øystein..langt utspill frå Jørgen som Hallvard er i enden på. Han legg ut til Øystein som skyt. Keeper ligge i horisontalen og redder til corner..den blir det ingenting av.

72 min: Storhaug reduserer. Klabb og babb i feltet og avslutning utagbart for Jørgen 1-3

75 min: To gigasjanser på rappen her. Den første får Hallvard på elleve meter. Skuddet er godt, men keeper redder. Det andre er et mesterraid..her burde Øystein lagt ut, men prøver seg sjøl. Ballen triller utenfor..stor kamp av Øystein i dag sjøl om han nok burde spelt ballen her.

78 min: Ny stor sjanse til Suldal…også denne blir misbrukt..

85 min: Storhaug, mot spelets gang, redusere nok ein gong..drittmål i denne gode suldalsperioden..2-3.

Ein god ledelse med tre mål er med dette redusert til nervøsitet og kun eit mål skille desse laga. Skal det ryke? Holde me inn?. Mange dueller og godt forsvarsspel der Suldal låg godt gjorde at Storhaug sleit med å produsere sjansar mot slutten. Og når dommar avslutta kampen stod det 94 minutt på klokka.

3-2 seier og tre herlige poeng blei med til Suldal