Arve Fløysvik held klubbdommarkurs for 27 dommarspirer.

Mange ungdommar likar å dømma fotballkampar i Suldalsserien. Det synest me er heit topp! Derfor var det på sin plass å ha eit dommarkurs, slik at dei blir endå meir medvitne på kva ein skal tenkja på som dommar.

For å halda kurset inviterte me Arve Fløysvik. Han representerer Vedavåg Karmøy, men er dommarobservatør og rettleiar for NFF og Rogaland fotballkrets. Han var hos oss i 2019, og nå var det altså på tide med ein ny visitt.

Heile 27 ungdommar frå 13 år og opp til godt vaksne møtte opp til kurset. På førehand måtte dei gjennomføra e-læringskurs på nettet der dei fekk gjennomgang av reglar og tips. E-kurset måtte ein få godkjent ved å svara på nokre quizar undervegs.

Det var to kurs som blei halde. Alle frammøtte deltok på det som heiter «Klubbdommarkurs». Med dette kurset er ein godkjent til å dømma 3’ar, 5’ar og 7’ar fotball opp til 12 år i eigen klubb. Perfekt til å dømma i Suldalsserien!

Etter 90 minutt gjennomgang av Fløysvik, var det valfritt om ein ville stoppa igjen og delta på del 2: 9’ar-fotball opp til 12 år. Her er det også med offside, ein ny ting for fleire av 13-åringane våre. Dei som er med på kampar i Suldalsgutane- og jentene er vane med å spela med offside. På denne delen av kurset fekk ein bakgrunn for korleis dommarane tenkjer når dei vurderer offside. 13 av deltakarane gjennomførte også dette kurset.

Det er fritt fram for kven som vil å ta e-læringskursa som ligg på nett. Det er tre kurs som bygger på kvarandre:

  1. Klubbdommar: 3’ar, 5’ar og 7’ar opp til 12 år. Utan offside.
  2. 9’ar-fotball: Opp til 12 år. Med offside.
  3. Rekrutteringsdommarkurs: 13 år og eldre. Med offside.

Kursa og reglar kan ein finna her: Dommerinstruksjon – Norges Fotballforbund

Ein av dei store debattane for tida er kva som gjeld av reglar på hands. På spørsmål om Fløysvik kunne gå KORT gjennom gjeldande reglar, blei det ei utlegging på i alle fall fem minutt! Grunngregelen er at det ikkje er hands dersom ballen uventa kjem borti handa. Tilsikta og utilsikta er andre omgrep som blir nemnd. Ein skal ikkje med vilje gjera seg større enn ein er når ein går mot motstandar, men det er ikkje naudsynt å halda hendene bak ryggen for å unngå straffe. Underteikna skulle ønskja at enkelet fotballekspertar på TV kunne tatt dommarkurs og halde seg oppdatert, for frå enkelte ekspertar er det ein del feilinformasjon ute og forvirrar sjåarane. Skal ikkje nemna namn, men eksperten CL-finalen hadde ei utblesing som han ikkje hadde trunge å hatt om han hadde vore i Foajèen på dommarkurs!

Med desse to kursa har me mange serftifiserte klubbdommarar til å dømma i Suldalsserien. Likevel treng me framleis fleire som kan ta på seg å dømma ungdommane som spelar i kretsserien. Om nokon skulle ha lyst, så må ein berre ta kontakt med Jon!