
I fjor var me på Etne-cup for første gong, og det gav meirsmak. I år sette derfor lilleputt-gjengen i veg igjen.
Me meldte på tre lag: Både 11, 12- og 13-årsjentene var med på J13-laget, mens gutane blei delt i 11-12-åringar på G12 og 13-åringane på G13. Totalt 32 spelarar og mange foreldre og andre familiemeldemmer hadde tre fine dagar i Etne. Vêret viste seg frå si beste side, og laurdag blei det rett og slett nesten for varmt for fotball.
Fredagen var noko tung for laga våre, resultatmessig. Alle tre laga tapte kampane sine. Laurdagen blei den beste dagen for G13. Dei spelta jamnt mot alle laga dei møtte, og drog i land eit par sigrar. Jentene møtte først eit godt lag og tapte den kampen ganske klart, men så fekk dei to jamne kampar mot Etne 1 og Etne 2. Begge desse kampane kunne likegjerne Suldal vunne som Etne, men det blei to knepne tap. G12 var nok dei som møtte tøffast motstand. Dei fekk ein jamn kamp mot Ølen der marginene gjekk mot seg, og så møtte dei to lag som var fleire hakk for gode.
Kvelden gjekk med til taco, disko, kino og henging rundt på området, og då leggetida kom, gjekk det kort tid før både ungar og vaksne sov.
Cupen blei avslutta med ein kamp kvar på søndagsmorgon. G13 spelte finale i B-sluttspelet. Nok ein jamn kamp, men Midtbygdens drog sigeren i land. Jentene møtte Varhaug i sin siste kamp. Der stod det 0-0 etter ekstraomgangar. Dermed fekk jentene spelt tre jamne kampar og fekk gode opplevingar, sjølv om ein ikkje fekk smaka på sigerskjensla. Størst blei nok oppturen for G12, som etter fire tøffe kampar endeleg fekk marginer på si side og fekk møta eit lag på same nivå som seg sjølv. Då blei det siger etter ein kanonstart på kampen.
Tusen takk til trenarar og foreldre som saman med spelarane gjorde helga til ei god oppleving. Og ikkje minst stor takk til Alf Aadnøy som i forkant ordna ein kampsong til oss som ljoma frå høgtalarane på kvar suldalskamp og kvar gong me skåra mål. Denne sangen går nok på repeat i mange hovud dei neste dagane. Alf tok også mange flotte bilde, spesielt frå G12-kampane, men også G13 og J13 er representert. Desse kan du bla deg gjennom på desse lenkjene. Klikk på bilda for å forstørra (gjeld ikkje lagbilda).


