
Blinkfestivalen i Sandnes vart nok ein gong ein folkefest med medaljedryss, stjernemøter og sterk idrettsglede. Både Jone Gjuvsland (G14), Cecilia Vik (J12) og Simon Bakka (G 16) markerte seg med pall-plasseringar.
Festivalen opna onsdag med det krevjande motbakkerennet Lysebotn Opp, torsdag stod langløpet i Ålgård for tur, og fredag og laurdag var det sprint og fellesstart i sentrum av Sandnes. I år stilte ingen frå Suldal i Lysebotn, men i Ålgård imponerte både Thomas Bakka (M19), Daniel Bakka (G17), Simon Bakka (G16), Mathea Vik (K19) og Lars Lunde som fekk ein flott fjerdeplass open klasse. Simon tok ein sterk tredjeplass i det klassiske landevegsløpet, der publikum som vanleg skapte feststemning langs løypa. Blinkfestivalen betyr tidlege morgonar, spenning på startstreken og intens kamp heilt til mål – både for utøvarar, heiagjeng og støtteapparat.





Gjuvsland stal showet
I Sandnes var det Jone Gjuvsland (G14) som leverte aller best. Han vann både sprinten og fellesstarten, og gjorde reint bord i ein klasse med hard konkurranse. Sprinten starta med prolog fredag og finalar laurdag, og samla unge løparar frå heile landet – men ingen kunne matche farten og styrken til Jone då det gjaldt som mest.

Cecilia Vik (J12) imponerte stort då ho sikra seg to andreplassar, berre slått av ein løpar som hadde teke turen heilt frå Finland for å teste kreftene i Sandnes. Simon Bakka (G16) fylgde opp med tredjeplass på sprint og ein sterk andreplass på fellesstart, til stor jubel frå heiagjengen.

Daniel Bakka (G17) viste styrke i løypene, medan Gaute Gjuvsland (G16), Amalie Lunde (J13), Harald Litlehamar Kjetilstad (G12), Hanna Lunde Hoftun (J15) og Serina Litlehamar Kjetilstad (J15) alle gjennomførte solide løp. Edel Gjuvsland (J9) imponerte med stilsikker innsats i sitt aller første Blinken-løp då ho gjekk fellesstart på laurdagen.



I juniorklassen representerte Thomas Bakka og Mathea Vik – begge går no på Hovden Skigymnas – Suldal IL. I konkurranse på høgt nivå, der hundredelar og kvart stavtak tel, kjempa dei seg inn til sterke plasseringar.


Heltemøte og inspirasjon
Blinkfestivalen samlar ikkje berre unge løparar, men også idrettsstjerner som Johannes Høsflot Klæbo og Petter Northug. For mange av dei yngre deltakarane vart signaturar, selfies og drøsen med førebileta eit høgdepunkt. Laurdag stilte Klæbo til fellesstart saman med dei aller yngste – eit minne som garantert vil sitja lenge hos den nye generasjonen skiløparar.





























