I går måndag 11.08 var endeleg dagen der, for oppstart av utarbeiding av akebakken på Gullingen. BG Suldal as kom da med maskina og oppstarten for planeringa/gravinga var eit faktum.

BG Suldal as skal grave ned store steinar, røter og andre ting som skal utgjere risikomomenter ved aking. Ein skal også planere ut bakken sånn at ein kan tråkke bakken når snøen legger seg.
Før grave arbeidet nå kunne starte har det vore gjort eit godt stykke arbeid med skoging og rydding av område på dugnad av SIL sine medlemmer gjennom sommaren, stor takk til alle som har vore med her.
Suldal Idrettslag har i skoge/rydde prosessen også hatt viktige samarbeidspartnerar med seg i ryggen, som har hjulpet på sine vis.
Stor takk til:
–Autogro Møgedal som har holdet oss med olje og drivstoff til motorsagene som har vore i drift
–Steine Motor as ved Tormod Steine som har lånt ut flisekutter sånn at ein kan flise opp mesteparten av greinene til flis.
–Mosvatnet hyttegrend som har stilt opp å skoga/rydda gjennom sommaren.
Me vil også benytte anledninga til å takke dei som gjere dette prosjektet mogleg for oss å gjennomføre finansielt. Stor takk til Suldal kommune og Sparebankstiftelsen SR-bank.
Til slutt vil me berre seia at om folk tar turen opp og ser så håper me dei kan halda seg i ski løypa enn så lenge. Jorda i den planerte bakken er fortsett VELDIG blaut så me håper folk kan la denne få setja seg.

Område før oppstart.

Bakken etter skoging og klart for maskin arbeid.
Drone video av bakken før gravearbeidet starter. Video: Tom Gardsteig

Andre graver etter gull, Arne Brustveit graver ned steinen så bakken blir trygg med stødig hand.

Planering fra toppen.
Video av bakken etter planering.





























