Endeleg heimekamp igjen! Avlyste og utsette kampar har gjort at det er lenge sidan det har vore a-lagskamp i Prestavikjo. Nå var det endelg tid for det. Hundvåg 2 tok turen.

Etter ein tøff bortekamp mot Hjelmeland tidlegare i veka, var det eit tent heimelag som var klar for å spela seg til tre poeng på heimebane, ikkje berre få poenga på walk over.

Det var tydeleg at dette var ein kamp som suldalsspelarane ville vinna. Dei trykte godt til i duellar, kom rundt på kantene og fekk fine innlegg. Ofte var det marginar som gjorde at det ikkje blei mål. Bakover var det god kontroll på det meste. Det var derfor fortent då Suldal tok leiinga fem minutt før pause. At sjølve målet var billeg, får så vera. Ein hundvågspelar sleiva med pasningen på eigen banehalvdel. Ballen kom til Jone Utbjoa, som heilt upressa kunne avansera eit par meter og så brenna ballen i mål i motsett hjørne frå om lag 18 meter. Eit flott skot, og godt å gå til pause med leiing.

Jone Utbjoa skårar sikkert på straffe mot Hundvåg 2. 2-0.

Andre omgang starta også bra. Berre etter eit par minutt, mens folk framleis hadde pølsa frå kiosken i handa, blei Øystein Nærheim felt i keeperfeltet. Dommar peika på straffemerket, og Jone kunne trygt setta inn sitt og Suldal sitt andre mål. Nå var det berre å trygga i land sigeren.

Stort sett var det trygt, men Hundvåg var ikkje heilt ferdige. Fem minutt før slutt blei det ny spenning i kampen då ein elles god Jørgen Andre Mikkelsen i mål sleiva litt med eit tilbakespel. Klabb og babb førte til at bortelaget fekk ei redusering og ny giv. Derfor var det godt at kaptein Torjus Steine svarte med 3-1 berre minutta etterpå. Rett før slutt punkterte dagens kanskje bestemann Øystein Nærheim kampen med eit velplassert vristskot frå 16 meter. Det er ikkje mykje fotball Øystein spelar for tida, men erfaringa han har med seg frå mange år i Djerv 1919 viser at han framleis er viktig for Suldal.

Fortent siger til Suldal i ein tøff, men finspelt kamp. Fire gule til Suldal og to til bortelaget vitnar om tette duellar.

Med sigeren er Suldal på 4. plass. Madla 3 og Vaulen 2 har vist seg å vera i ein klasse for seg. Fiskå er ei førarposisjonen om 3. plassen med eitt poeng meir enn oss, ein kamp mindre og mykje betre målforskjell. Me skal dessutan passa oss for Hjelmeland som kjem halsande bakfrå. Dei er pr i dag seks poeng bak, men med ein kamp mindre. Om dei stiller same laget som mot oss framover, få er det få som greier å stela poeng frå dei i haust.

Nå er det to bortekampar mot Fiskå og Paradis, før neste heimekamp laurdag 20. september mot Storhaug. Set av datoen!

Fakta frå kampen på fotball.no

1

Jørgen Andre Mikkelsen

19

Marius Sigstad

22

Ingve Berge

23

Tor Olav Aarhus

3

Eirik Naustvik

4

Rene Adjemi

10

Isak Berge Espe

11

Torjus Steine

Kaptein

13

Øystein Nærheim

25

Jone Utbjoa

16

Hallvard Erfjord

Innbyttere:

17

Håvard Fatnes

26

Ihor Skoryna