Tradisjonen tru var me i starten av september på cup i Røldal i strålande vêr.

Korleis Røldal IL får til å ha så fint vêr kvart år, er eit under. Regn både før og etter, men laurdagen blir alltid fin. Det er rett nok litt hustre dei første par timane før sola knekar seg over fjelltoppane og bryt gjennom skoddelaget, men så kjenner ein etter kvart at ein skulle hatt solfaktor på.

Cupen er kompakt som alltid, og dei mest spente er nok 1. klassingane som etter to-tre treningar er klar for sine første fotballkampar. Dessverre ser me at det er noko reduksjon i antal lag som melder seg på turneringa, og majoriteten av laga er frå Suldal. Kort reise, god stemning og ein kompakt, godt gjennomført cup har vore avgjerande for at me har reist hit fleire år. Eit anna viktig punkt er å få møta nye og andre lag enn me gjer i Suldalsserine. Nå blir det ein del Suldal mot Suldal, og i eine gruppa blei dei andre motstandarane lag me kjenner godt frå før, Sand og Nesflaten. Det er sikkert ikkje flusst me ungar å ta av i grendene rundt Sørfjorden heller.

Når ein først er på banen, er det kjekke kampar uansett. Me stilte med fem lag i MIX6-6 år, J8, J12, G8, G9, to G10-11-lag og G12 lag. Totalt 12 lag frå Suldal. Lagleiarane fortel om gode opplevingar og mange kjekke kampar. Dei yngste skulle heilt klart fått spelt mot andre enn seg sjølv, men dei fekk i alle fall oppleva turnering med kiosk og sin første fotballpremie.

Me har ikkje komplett lagbildesamling i år, men her er det me har: