I år er det Erfjord IL som har arrangert Suldalsserien, og då er det også dei som skal stå for cupen. I helga var me på Moane i Erfjord.

Tre miniknottlag, to knottelag, fire lilleputtlag og to ungdomsskulelag tok turen. Erfjord IL fekk plass til fire kampar på likt på banen sin, slik at det blei eit effektivt arrangement. Tribune og benker under tak, kiosk og toalett rett ved banen og solid arrangementstab gjorde at cupen gjekk godt og radig føre seg. Artig å gå frå bane til bane og sjå korleis spelarane veks drastisk mellom kvar aldersgruppe. Ungdomsspelarane ser gigantiske ut etter å ha sett på ein miniknottkamp!

Flott innsats av dei to minste gruppene der det ikkje blir kåra nokon cup-vinnar. Lilleputtklassen er nok den som det er mest trykk og spenning i. Ni lag fordelt på to grupper. Dei fire suldalslaga greidde seg bra, to gjekk til semifinale, men begge laga tapte. Sand sitt eine lag og Nesflaten sitt lag blei for sterke i semifinalane, og måtte gjera opp om finalesigeren. Den var det Sand som tok. Det var nok det sterkaste laget og vann til slutt fortent. Det blei i alle fall bronse til Suldal.

For oss i Suldal var det kjekt at laga er nokonlunde jamne om alle spelarane er tilgjengeleg, og ein ser korleis det kan svinga. Laget som fekk minst uttelling i serien greidde i dag å komma til semifinale.

I ungdomsskuleklassen hadde me ei stunt 12 spelarar, men melde likevel på to lag. EIn liten innsats rett før cup gjorde at me fekk to fulle 7’ar-lag som konkurrerte mot Sand og Erfjord sine eine lag. Det eine laget vårt kom til finale og tapte knepent mot Erfjord, mens det andre laget tenkte som mange andre store lag, at når finaleplassen glapp, så er motivasjonen for å spela for bronse ikkje like stor. Dermed gjekk 3. plassen til Sand.

Nå er sesongen i Suldalsserien slutt for miniknott, lilleputt (eitt lag har siste kamp på onsdag), ungdomsskule og gubbar. Knottane skal halda på tre veker til med kampar. Treningane held nok på i alle fall fram til haustferien for alle laga.

Her er nokre av laga som var med: