Da vil me berre sei at akebakken på Gullingen nå er klar for snø.

Me vil takke alle som har bidratt med smått og stort, men spesielt takk til:

Autogro Møgedal: Drivstoff og olje til motorsagene.

Steine Motor AS v/ Tormod Steine: For å låne ut kvistkutter til oss.

Mosvatnet hyttegrend: For hjelp i samband med skoginga.

BG Suldal AS: For eit flott stykke arbeid og godt samarbeid i prosjektet.

Suldal Kommune: Finansiering via søknads ordninga «Tilrettelegging for friluftsliv»

Sparebankstiftelsen Sr-bank: Finansiering

Og sist, men ikkje minst. Medlemma våre som har bidratt med over 105 timer dugnad (MINST)

Tusen takk igjen til alle saman.

Kort om kva som er gjort:

I bakken er det skoga, deler av gjerde er fjerna, det er renska, farlege hinder som steinar er gravd ned og grøfta som låg nederst i bakken er lagt i rør sånn at vatnet fortsatt skal få renna ut.

Det som er rett rundt hjørne og skal komme på plass nå før vinteren kjem er: Polstring av lysstolper og benkar.    

Liten video som forteller litt om kva som er gjort.

Film/redigering: Tom Gardsteig