Nå nærmer det seg sesongslutt for begge seniorlaga våre. Både A laget og 7 er laget ligg litt over midten på tabellen, men kan med full pott klatre på tabellen.

For A laget sin del ligg dei per skrivende stund på fjerde plass med fire poeng opp til Fiskå på tredje. Topplaga Madla 3 og Vaulen 2 kan ikkje rykke opp på grunn av høgare rangert lag i Madla 2 og Vaulen (ligg håplaust sist i si pulje i 4 divisjon) vil ligge i 5 divisjon i sesongen 2026. Det betyr at tredje plass i vår pulje gir opprykk. Bak oss lurer Hjelmeland på femte plass og Stavanger 2 (SIF 2) på sjette plass med henholdsvis eitt og tre poeng.

Suldal har fire knallharde kamper igjen, der tre er heime i Prestavikjo. Til helga, den 18 oktober kjem Våganes til Suldal. Etter denne har me knallsterke Vaulen 2 heime, før det er bortekamp mot SIF 2. Sesongen avsluttes mot serieleder Madla 3 den 8 november klokka 14.00.

Så satsar me på at alle spelerane er klar for sesonginnspurt og i alle fall befester ein god fjerdeplass på tabellen.

For 7 er laget har me denne sesongen hatt litt større utfordringer enn fjoråret. Spesielt på keeperplass har me hatt eit stort hol å fylle etter at Jørgen flytta heim til Suldal. Der har undertegna vikariert ein del, men fleire andre har og steppa inn med hansker på hendene. Nå sist stod Knut knallgodt i seieren mot Vaulen 3.

7 er laget har to kamper igjen denne sesongen og ligg per skrivende stund på fjerdeplassen. Mandag 13 oktober skal me ha kamp mot Vidar 3 som vart slått for kun eit par veker si. Til denne kampen manglar me toppscorer Erik Våge, men me satser på at andre steppe opp i hans plass.

I pulja til 7 er laget ligg suverene Stavanger 3 på topp, mens Vardeneset 3 har sikra seg sølvplassen. På bronseplass kjemper Suldal mot Tjensvoll som ligg eitt poeng før på tabellen og Vaulen 3 på femte plass. Vidar 3 på sjette plass kan og ta tredjeplassen, men dei ligg nok litt for langt bak.

Oppsummering kampar igjen:

A lag:

Våganes H klokka 13.00
Vaulen 3 H klokka 11.30
SIF 3 B klokka 18.00
Madla 3 H klokka 14.00

7 er laget:

Vidar 3
Hjelmeland 2 i Suldal

Siste kampen for sesongen blir i Suldal den 20 oktober mot Hjelmeland klokka 20.00.