For andre året arrangerte me cup for dei yngste fotballspelarane i 3’ar-banane i Prestavikjo.

I år delte me turneringa inn i reine 1. og 2. klasselag, slik at dei aller ferskaste fotballspelarane fekk prøva seg mot jamnaldra. 2. klassingane er jo som veteranar og rekna i denne samanheng. Erfjord stilte sterkt i den yngste gruppa, med tre lag. Suldal hadde to lag, mens Sand hadde eitt lag.
Ivrige spelarar viste stor glede når ballen traff mål.

i 2. klasse var det færre lag, Erfjord hadde eitt, mens Suldal stilte med to lag i denne klassen også. Det gjekk an og sjå at desse hadde spelt fotball i Suldalsserien i eitt år alt.
Kampane blei stødig leia av seks gutar og jenter frå 7. klasse som dømte sine første kampar. Kjekt at mange vil vera dommarar!

Då turneringa var slutt, var det premieutdeling, og til sist ein tur i kiosken.