2013 og 2014-gutane frå Osen og Sand har dei siste vekene trent saman om søndagane, nå var det tid for å prøva seg på cup. Då tok dei turen til Tananger.

Det skal seiast at alle idrettslaga i kommunen har vore invitert på desse treningane, men det har vore spelarar frå nemnde grender som har stilt opp. 2013-modellane har det siste året trent saman med G13-laget, mens 2014 har trent saman med 2015- og 2016. Til neste sesong er planen og starta opp eit nytt G13-lag, då med spelarar frå 2013-2014. Desse fekk gjort unna sine første kampar i dag, søndag.

12 spelarar stilte opp, med Lars Erik Dalva og Johan Hägglund som trenarar. Motstandarane var Havørn, Havdur og Hundvåg. Forventningane var nok der at ein måtte rekna med og møta lag som både var gode og samspelte, men at ein håpte ein fekk gode opplevingar.

Begge forventningane viste seg og stemma. Havørn og Havdur var hakket betre enn Suldalsgutane, mens det mot Hundvåg blei ein jamn kamp der Suldal fekk det einaste målet og vann den kampen 1-0. I dei to andre kampane fekk me sett at våre spelarar nok må læra seg og bruka heile kroppen i taklingane, og vera meir kontante i pasningar, avslutningar og løp. Ein kunne og sjå på fysikken at halvparten av våre spelar var eitt år yngre enn resten.

Likevel viste spelararne i gult at det bur mykje fotball i dei, og at det skal bli spennande og følgja dei i åra framover som ein del av Suldalsgutane- og jentene. Nå får dei ein god vinter med trening, og så stiller dei i G13-klassen neste år.