
Tysdag blei fleire lag og organisasjonar invitert til Sparebanken Norge sine lokaler på Sand. Der stod Hans Olav og Stig Morten klar med mange gåvesjekkar. Ein av dei gjekk til Suldal idrettslag, og den stod det kr 125.000,- på!
Gåvesjekken var denne gong delt i to. Kr 75.000,- går til å halda fram arbeidet med Prosjekt Prestavikjo, mens kr 50.000,- er øyremerka nye drakter til fotball-laga våre.
Prosjektet i Prestavikjo held fram, det er store kostnadar, så me set verkeleg pris på å ha Sparebanken Norge som støttespelar. Nå har banken støtta prosjektet med temmeleg nær ein million, meir nøyaktig kr 975.000,-! Det hadde vore vanskeleg å komma i mål utan desse midla.
Når Sparebanken Vest gjekk over til å bli Sparebanken Norge, så er det og tid for å byta ut logo på draktene. Banken har draktkampanje der me kan søkja om gratis drakter til aldersbestemte lag, men for å få kjøpt inn drakter til ungdommar og vaksne trong me å søkja etter ekstra midlar. Dette stiller banken opp med. Me får håpa at draktpressa til Geir på Sand ikkje går for varm, og at me har drakter klar til neste sesong.
Tusen takk for gåvene, Sparebanken Norge!






















