
Årets siste kamp sist laurdag, og det mot det suverent beste laget i divisjonen. Korleis skulle det gå?
Tja, ganske bra i første omgang. Suldal har fleire gonger vist at dei får ut sitt beste mot dei beste laga. Både mot Madla 3 i fjor og mot laget som til slutt rykka opp, Fiskå, har me vore heilt jamne.
I første omgang mot divisjonsvinnarane Madla 3, spelte Suldal godt. Dei var jamne med Madla i banespel og viste gode takter. Madla hadde gjerne ikkje marginene på si side, men Suldal gjorde jammen sitt for å gjera det vanskeleg for gjestene. Fleire gode kombinasjonar, og ein vilje til å spela langs bakken gjorde at det var kjekt og sjå på. Det var flott og sjå på då me kom rundt på høgresida. Nesten ei veke etter kamp hugsar ikkje underteikna kven som slo inn eit flott innlegg (orsak!), men i enden av innlegget var Jone Utbjoa. Han pressa ein blåkledd forsvarar såpass at det blei sjølvmål. 1-0 til Suldal!
Leiinga haldt seg til pause. Kva som var i pausedrikken til dei respektive laga er ikkje godt å seia, men det var i alle fall ulik konsekvens i yteevne på banen mellom laga. Før me fekk teke første bit i pausepølsa, skåra Madla 3 både ein, to og tre gonger, slik at kampen i grunn blei avgjort dei første fem minutta av andre omgang. Resten av omgangen blei ein transportetappe for begge lag.
Madla 3 viste at dei er eit alt for godt fotball-lag for 6. divisjon når dei kjem i flyten, og Suldal fekk vist i ein omgang at dei er gode til å spela fotball. Mange skader samt lite flyt og kontinuitet i kampar i haust på grunn av fleire lag som ikkje har møtt opp, har gjort at speleformen i haust ikkje blei slik det under andre føresetnadar hadde vore. Det har vore trist for spelarane, trenarar og publikum at me ikkje har fått spelt fire av heimekampane i år. Me kjem til å legga fram forslag til regelendring som kan gjera at det sit lenger inne å droppa bortekamp i Prestavikjo!
Sesongen kan ein i grunn seia seg greit nøgd med. Madla 3 vann pulja på 53 poeng, men kan ikkje rykka opp sidan Madla 2 er i divisjonen over. Vaulen 2 kom på 2. plass med 47 poeng, men sidan 1’ar-laget deira rykka ned til 5. divisjon, så kan heller ikkje dei rykka opp. Desse to laga var klart best. Dermed er det tredjeplassen som gir opprykk, der kom Fiskå med 35 poeng. Suldal kjempa lenge med Fiskå om 3. plassen, men i haust har det blitt nokre tap som gjer at det på ein jamn øvre halvdel blei 7. plass til slutt med 28 poeng, tre poeng bak 4. plassen.
Nå rettar me blikket mot neste sesong, og gjer det me kan for at me skal få alle motstandarane våre på besøk, slik at me får mange kjekke laurdagar i Prestavikjo i 2026!
Kampfakta finn de her.
Spelarar:
1
16
18
23
6
10
11
Kaptein
17
19
9
25
Innbyttere:
13
14
28
3






















