
55 suldølar reiste i helga på klubbtur til den tradisjonsrike sesongopninga på Hovden. Skidraktene i svart og gult viste godt igjen i løypene under Hovdenrennet som gjekk av stabelen på laurdagen.
Den faste klubbturen til Hovden er fullspekka med sosialt liv, idrettsglede og forventning over vinterens første renn på snø. Suldølane nytta fredagen til eigentrening og førebuingar før helgas høgdepunkt starta laurdag formiddag. Hovdenrennet er lagt opp med distansar tilpassa alder og nivå, frå korte løyper på 1 kilometer for dei yngste til lengre distansar for junior og seniorar der den lengste traseen er 10 kilometer. Trass i lite natursnø og berre kunstsnø i løypene, vart det ei god ramme rundt konkurransen, med fine forhold og god flyt i gjennomføringa. Løypa med kunstsnø førte til at ein måtte gå same runden nokre fleire gonger enn først tenkt, difor vart og nokre av distansane lenger enn planlagt.



Utøvarane frå Suldal IL leverte solid innsats og oppnådde fleire flotte resultat. Like viktig som plasseringane var den gode lagånda som prega dagen. Det vart heia, støtta og oppmuntra på tvers av alder og nivå, og mange fekk ei god oppleving i sesongens første renn. Les resultatlista her!




Laurdagskvelden samla heile gruppa til sosial kveld med pizza, bingo, quiz og utlodning. Det var mange flotte premiar, sponsa av lokalt næringsliv, Kverneland Volvo Stavanger og SPAR Hjelmeland. Kvelden gav rom for både godt humør og engasjement, og viste kor verdifullt det er å samla heile klubben i uformelle og innkluderande rammer. På bileta frå ridehallen er det tydeleg full konsentrasjon under quizen, med mellom anna artige spørsmål og «fun facts» om skitrenerane.





Søndag vart helga avslutta med felles trening arrangert av Hovden Skigymnas. Dette var ei inspirerande økt der fleire skiklubbar i kretsen trente saman, noko som og gir ei sterk kjensle av fellesskap på tvers av klubbgrensene.





At Suldal IL kan sende ei såpass stor gruppe med deltakarar til skirenn på Hovden viser at det er stort engasjement og mange ivrige langrenns-løparar i klubben!

































