Vinnarar Lag 3: Bjørn Wigestrand – Bjørn Madland Steine – Kristian Sigstad

Årets runde gjekk føre seg i gymsalen måndag 29. desember. 12 lag kjempa om ære og fruktkorg.

Godt oppmøte blant mennene, med god variasjon både i alder og kor mange timar ein bruker i året på fotball. Veldig kjekt og sjå fleire enn dei ein til vanleg ser mest på fotballbanen i Prestavikjo.

Dei 36 spelarane blei fordelt på 12 lag i to puljer. Dermed spelte alle fem kampar i puljespelet. Dei to beste i kvar pulje gjekk til semifinale. 30 puljekampar på 6:30 minutt gjorde at det tok si tid og få gjennomført turneringa når ein berre har ein bane. Oppstart kl 17.00, og finalestart kl 21.00. Skrøyt til spelarane som var klar til neste kamp på 30 sekund, slik at tidsskjema haldt.

Spelarane melder seg på individuelt, og så er det trekning av lag. I år blei laga som følger:

I pulje A var det tre lag som kjempa om dei to semifinaleplassane. Lag 3 (Bjørn Madland Steine, Bjørn Wigestrand, Kristian Sigstad) vann fire av fem kampar, men fekk bank av Lag 5 (Jakob Nessa, Aslak Fisketjøn, Lars Tveit Lavalette). Her viste debutant og 9. klassing Jakob resultatet av mange timar og tøtsj på ballen, og dribla dei fleste trill rundt.

Lag 5 kjempa til siste puljekamp med Lag 6 (Marius Sigstad, Samuel Lunde, Espen Vold) om den siste semifinaleplassen, og gjekk til slutt vidare på målforskjell.

I pulje B var Lag 10 (Amund Havrevoll, Tor Olav Aarhus, Sveinung Nessa) det sterkaste laget, og gjekk gjennom puljespelet med fem strake sigrar og 16-1 i målforskjell. Far og son Nessa var begge blant dei beste i dag, og Sveinung viste kvifor me har masa i 11 år på å få han med på a-lagt, utan særleg hell. Kanskje til neste år? Puljefinalen om den andre semifinaleplassen stod mellom Lag 7 (Ørjan Underbakke, Jostein Marvik Hølland, Jørgen Aadnøy) og Lag 12 (Sigurd Hamra, Jon Bråtveit, Eirik Naustvik). I den avgjerande kampen var Lag 12 best, og gjekk vidare.

I første semifinale såg det ut til at Lag 12 hadde god kontroll på Lag 3, og leia kjapt 2-0. Lag 3 gav seg likevel ikkje, og greidde og snu kampen til 3-2. Dei hadde nok det beste spelet i denne semien og sigeren var fortent. I den andre kampen om finaleplass viste det seg at dei gamle er eldst, far Sveinung slo ut son Jakob 2-0, sjølvsagt med god hjelp av ungdommane Amund og Tor Olav på laget.

I bronsefinalen var det liten tvil om kven som stakk av med bronsen, Lag 12 fekk det viktige førstemålet og gav seg ikkje før det stod 5-0 mot Lag 5. Finalen vart jamnare; Lag 3 og Lag 10 følgde kvarandre 1-0 og 1-1, før Lag 3 avgjorde med det siste målet og vann 2-1. Eldste-Bjørn på laget har nok vunne denne turneringa nokre gonger før og veit kva som skal til, men Yngste-Bjørn og Kristian hadde også teknikken, taktikken, styrken og kondisjonen som skal til for å hevda seg i futsal. Gratulerer med sigeren!

Takk til eit strålande sekreteriat; 9-åringane Aslak og Birk, som hadde stålkontroll på resultat og tabellar!

Takk også til Statkraft og Sparebanken Norge for premiar!

Neste år skal me gjera ein solid vervejobb for å få til ei skikkeleg turnering for jenter/damer også. I fjor stilte 18 stk opp, i år fælte dei seg av. Slik kan me ikkje ha det!

Godt nyttår!

Frå venstre: 2. plass: Amund Havrevoll, Tor Olav Aarhus, Sveinung Nessa. 1. plass: Bjørn Wigestrand, Bjørn Madland Steine, Kristian Sigstad. 3. plass: Eirik Naustvik, Jon Bråtveit, Sigurd Hamra